Opplæringsstilling: Dagmann/ lettmatros i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv49, 5414 Stord, 5694 Onarheim, 5413 Huglo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Opplæringsstilling: dagmann/ lettmatros i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, pt. MF Julsund
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. oktober
Kunne du tenkje deg å bli matros i Fjord1? Då er dette stillinga for deg!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mestattraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
I denne stillinga har kandidatar uten kvalifikasjoner mogelegheiten til å komme inn i eit opplæringsprogram på vegen mot å bli matros. Har du lite eller ingen erfaring, vil du kunne starte som dagmann og vidare bli lettmatros. Dette er ein fysisk krevande stilling, så ein må like å være i aktivitet.
Har du kvalifikasjonar til det, kan du starte som lettmatros og vidare bli matros.
I denne stillinga vil ein ikkje bu ombord, det vil derfor vere ein fordel å bu lokalt.
Arbeidsoppgåver
- Førefallande arbeid om bord
- Billettering
- Kundehandsaming
- Andre oppgåver iht stillingsinnstruks
Kvalifikasjonar
- Gyldig helseerklæring
- Krise- og passasjerhandtering
- Søker må ha fylt 18 år
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein dyktig og serviceinnstilt dagmann/ lettmatros som trives med varierte arbeidsoppgåver og har fokus på sikkerheit, samarbeid og god passasjerhandtering. Du må kunne jobbe sjølvstendig og bidra til eit godt arbeidsmiljø om bord.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.
- Fast ansettelse i eit solid og anarkjent selskap
- Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter og gode rabattordnigar.
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Fv495414 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5023208087
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e0e90ce6-8506-4af1-ab61-0ec8420be467
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be641bc1aabf4aa3af900ecd8d638e83