Hopp til innhold

Lege i spesialisering i radiologi, faste stillingar og vikariat

Arbeidsgiver

Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering i radiologi, faste stillingar og vikariat
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Om stillinga
🏥 Har du lyst til å jobbe med avansert bildediagnostikk på eit av landets leiande universitetssjukehus med moderne fasilitetar? ⛰️Vil du utforske dei 7 byfjella, ta turen opp Fløyen eller Ulriken, og samtidig nyte det pulserande kulturlivet i Vestlandets hovudstad?

👩‍⚕️☢️🩻 Ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, har vi no ledig 2 faste stillingar og 2 vikariat i eit år, for engasjerte og framtidsretta LIS 2/3-legar som vil vere med å forme morgondagens bildediagnostikk. Tiltredelse etter avtale. Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga.

Vi er eit inkluderande fagmiljø med høgt fokus på trivsel, fagleg utvikling og akademiske moglegheiter. Hos oss får du ei framtidsretta og grundig utdanning i radiologi, med høg grad av autonomi og tryggleik i vaktsituasjonar, slik at du kan utvikle deg fagleg på best mogleg måte. Vi legg til rette for fleksibilitet, til dømes fordjupingstid heime.

Som LIS hos oss får du brei erfaring. Du roterer mellom alle seksjonar kvar sjette månad, slik at du får variert praksis og eit sterkt fagleg grunnlag. Er du ny i radiologi? Vi sørgjer for ein trygg start med ein strukturert opplæringsperiode på 12 veker før du blir ein del av vaktordninga.

🤖Kunstig intelligens (KI) er på full fart inn i radiologien. Nokon fryktar kanskje at KI vil overta heilt, og at radiologar i framtida vil bli overflødige. Dette er langt frå sanninga, men radiologar som kan nytte seg av KI vil i framtida erstatte radiologar som ikkje kan nytte seg av dette. KI vil kunne bidra til raskare diagnostikk, færre rutineoppgåver og ein meir spennande arbeidskvardag. Hos oss får du kompetansen du treng for å møte den digitale revolusjonen innan bildediagnostikk – ei utvikling som er godt i gang!

For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. 

Les meir om korleis det er å jobbe hos oss

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsrotasjon, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege
  • Relevante prosedyrar som tilhøyrer dei ulike seksjonane, etter opplæring og under supervisjon
  • Arbeid på ultralyd og i Mottaksklinikken etter gjeldande plan
  • Vaktarbeid, for tida i 16-delt tilstadesvakt
  • Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervisning
  • Deltaking i undervisning og kurs relevante for spesialiteten

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i Radiologi
  • Søkarar må ha gode kunnskapar i norsk, B2-nivå både munnleg og skriftleg

Vi ser føre oss at du

  • Har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Har interesse og motivasjon for fagfeltet etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga
  • Har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følger opp delegerte oppgåver
  • Kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø i ei travel avdeling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Richard Ban, Assisterande avdelingsoverlege, 55 97 64 85, richard.ban@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5159490763
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Richard Ban

Assisterande avdelingsoverlege

55 97 64 85

richard.ban@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e0dceade-691b-42b7-aeae-8b4c260124bf

Sist endret

7. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0b8770fb282e4baea1085cd1571cfc8a

Lignende annonser

Laster lignende annonser