Vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Gudmundvegen 14, 6050 Valderøya, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. mars
I samband med omorganisering i eining Meistring og psykisk helse søkjer vi nye kollegaer til vår fantastiske arbeidsplass Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap, eit bufellesskap for menneske med ulike funksjonsnedsettingar.
Vi har ledig 4 faste stillingar i 80 -100 % for vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut, og søker fleksible, rause og gode lagspelarar som vil bidra til at bebuarane får leve meiningsfylte liv.
Ei av stillingane inngår i turnus med langvakter og arbeid kvar 4. helg. Dei andre tre stillingane har langvakter kun på helgedelen, kvar 4. helg.
I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga bli vektlagt ved tilsetjing.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøterapi for den enkelte bebuar, og i tett samhandling med pårørande.
- Koordinere og lede ansvarsgrupper ved aktiv bruk av individuell plan.
- Levere teneste ut frå gjeldane lov- og avtaleverk.
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.
- Rettleiing av personale.
- For sjukepleiarar og vernepleiarar er det krav om at ein deltek i legemiddeloppfølging av bebuarane samt medisinsk oppfølging på tvers i avdelingane.
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar, men sosionomar og andre med 3-årig helse og sosialfagleg h/u-utdanning er også velkomne som søkjarar.
- Erfaring frå arbeid i bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsnivå.
- Kompetanse og erfaring i arbeid med utfordrande åtferd.
- Kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kap. 9.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Førerkort for bil med manuell gir.
Personlege eigenskapar
- God lagspelar som er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Evne til å bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
- Trygg i konflikthandtering.
- Gode komunikasjons- og samarbeidsevne.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Raus, omgjengeleg og har godt humør.
Vi tilbyr
- Mogelegheit til å vere med å utvikle tenestetilbodet.
- Varierande og givande arbeidsoppgåver.
- God opplæring.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363Martin Solbjørg, avdelingsleiar, 40106605
Kristine Finnøy, nestleiar, 90935279
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717
Arbeidsstad
Gudmundvegen 146050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4936369091
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Therese Nordheim Nesseth
einingsleiar
+47 47316717
Kristine Finnøy
nestleiar
90935279
Martin Solbjørg
avdelingsleiar
40106605
Anne Marthe Busengdal
avdelingsleiar
41702363
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2886603
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1f16114a442c40efbcf55fbc8573b65f