Vikariat inntil 100% som Serviceteknikar ved Hjelpemiddellageret
Kvinnherad kommune Aktivitet og rehabilitering
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Serviceteknikar vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. oktober
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune søkjer etter vikar til Hjelpemiddellageret då ein av våre tilsette skal ut i permisjon. Det er ledig inntil 100 % stilling, men ei noko mindre stillingsprosent kan vere aktuelt om det er ynskje om det. Oppstart snarleg og varigheit til våren 2027.
Som serviceteknikar tek du del i hjelpemiddelformidling lokalt. Ein typisk arbeidsdag består vanlegvis i utkøyring og montering av hjelpemidlar, mindre reperasjonar, utpakking av innkomne varer, reinhald av innleverte hjelpemiddel og liknande. Likar du å vere i aktivitet, kome i kontakt med menneske og ha varierte arbeidsdagar passar dette godt for deg!
For å nå fram i vår langstrakte kommune vert det ein god del timar i bil, så trivst du med å køyre bil kan det vere ein fordel. Samtidig treng me deg med god fysisk helse då det er ein del bæring og flytting av hjelpemidlar inn og ut av bustader kringom i kommunen. Ei viss praktisk eller teknisk innsikt eller interesse er ein fordel.
Oppmøtestad er Dimmelsvik.
Arbeidsoppgåver
Utkøyring, montering og service/reperasjonar av hjelpemiddel
Reinhald av hjelpemiddel
Halde lageret ryddig og organisert
Kvalifikasjonar og erfaring
Interesse for og basiskunnskap i praktisk arbeid (reparasjonar ol.) vil vere ein fordel. Har du til dømes ein liten hobbymekaniker i deg kan det vere eit godt utgangspunkt.
God fysisk helse
Førarkort klasse B, fordel med BE
Godt norsk språk
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig, men likar å samarbeide med andre
Likar å gjere nye oppgåver og er fleksibel
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med brukarar og samarbeidspartar
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
df6a8a39-d1e4-4244-bbd8-4eec6399391b
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3549139_225963_nn