Hopp til innhold

Ferievikariat bioingeniør / bioingeniørstudent

Arbeidsgiver

LMBB seksjon Nordfjord, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikariat bioingeniør / bioingeniørstudent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. januar

Lab. medisinsk biokjemi og blodbank, Nordfjord sjukehus har ledig ferievikariat i perioden 07.06.2027 - 21.08.2027. Vikariatet passar for 1.-3. års studentar i bioingeniørutdanning, evtuelt andre helsefagutdanningar.

Ber om at det i søknaden blir opplyst kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.

Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu.

Sjå denne linken: Hjartestad - musikkvideo med artistar frå Nordfjord

Her er eit godt fritids- og kulturtilbod og i veke 29/2026 vert Malakoff musikkfestival arrangert på Nordfjordeid:  Malakoff musikkfestival


Arbeidsoppgåver

  • Blodprøvetaking
  • Analysearbeid

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør, 1-3. års bioingeniørstudent, evtentuelt andre helsefagutdanningar
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Søkjar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Legg ved karakterutskrift frå avslutta fag
Oppgi referanse t.d. frå utdanning eller tidlegare arbeidsgjevar

Personlege eigenskapar

  • Du må like utfordringar og ha eit ønskje om å utvikle kompetanse og ferdigheiter som bioingeniør
  • Du må vere serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lærerike arbeidsoppgåver og relevant opplæring
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg

 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Kontaktinformasjon

Ragna Olaug Orheim Rafshol, Seksjonsleir, (+47) 578 64 024

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5215238273
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027

Kontaktperson for stillingen

Ragna Olaug Orheim Rafshol

Seksjonsleir

(+47) 578 64 024

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

df306335-86ea-4b46-aea0-a43b88e494f3

Sist endret

25. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f54d0d060431469aac60e3b44caa84ae

Lignende annonser

Laster lignende annonser