Konsulent – 100 % vikariat, november 2025 – juni 2026
Vil du bli ein del av laget vårt i Stab og støtte?
Gunnar Schjelderups Veg 31, 6723 Svelgen
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
I Bremanger kommune er Stab og støtte ein sentral del av organisasjonen. Her finn du servicekontor, økonomi, IKT og lønn/personal – eit fagmiljø som samarbeider tett for å gi gode tenester til både innbyggarar og tilsette.
No søkjer vi etter ein engasjert konsulent til eit vikariat i avdelinga Stab og støtte.
Kvifor søkje hos oss?Hos oss får du:
- Ein spanande og variert arbeidskvardag
- Nært samarbeid med dyktige kollegaer på tvers av fagfelt
- Høve til å utvikle deg innan både oppvekst og administrasjon
- Ein arbeidsplass der samarbeid, trivsel og faglegheit står i sentrum
Dine oppgåver vil mellom anna vere:
- Fakturering og varebestilling
- Arbeid i skuleadministrative system
- Sentralbord og resepsjon
- Post- og arkivtenester
Kven er du?
Vi ser etter deg som har:
- Fagbrev innan service- og administrasjonsfaget eller liknande utdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
- Relevant erfaring – dette kan kompensere for formell utdanning
Personlege eigenskapar vi set pris på:
- Gode kommunikasjonsevner
- Vere sjølvstendig, trygg og løysingsorientert
- Vere strukturert og ryddig
- Evne til å prioritere mellom mange oppgåver
👉 Er du klar for å ta del i eit miljø med mykje samarbeid, humor og varierte utfordringar? Då håpar vi å få søknaden din innan 28.09.2025!
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Anita Solberg, KommunalsjefArbeidsstad
Gunnar Schjelderups Veg 316723 Svelgen oppvekst/servicekontoret
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5015438433
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Anita Solberg
Kommunalsjef
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
df0344ba-c6ab-40f4-966e-edb5a7520fc9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
19030d1e21804ed2b1bf4a451f7adf53