Hopp til innhold

Assistent/ Fagarbeidar

Arbeidsgiver

Drift-teknisk divisjon/ Tekstilforsyning produksjon, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Assistent / Fagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. november

Hospitaldrift er ei av adelingane i Drift-teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinke tenester og - produkter til føretaket.

Hospitaldrift har 7 einigar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Tekstilforsyning er ei av einingane og har som oppgåve å forsyne Helse Bergen med tekstilar for pasitentar og tilsette på dei ulike avdelingane i sjukehuset som nyttar tekstilar i sitt arbeid. Einiga har om lag 60 tilsette.

Sjukehusvaskeriet vaskar om lag 13 tonn tekstilar kvar arbeidsdag, 5 dagar i veka. Vi held til i eige bygg på hovudområdet til Haukeland universitetssjukehus. Vi vaskar primært for Helse Bergen, men har i tillegg produksjon for nokre eksterne kundar.

Produksjonstida varierer innanfor tidsrommet frå kl 07.00 til 17.00, måndag til fredag, samt 1200-2000 og eventuelt kvar 6 helg.

Vi trenger 3 vikarer i 100 % stilling, med mulighet for fast tilsetting.

Søknad på anna språk enn norsk vil ikkje bli vurdert.  


Arbeidsoppgåver

  • Sortering av skittentøy
  • Etterbehandling av reint tøy
  • Nøkkelrolle i vaskeprosessen
  • Bidra til effektivisering av arbeidsrutinar
  • Pakking av personaltøy og pasienttøy etter bestilling
  • Betene tøymaskinar og køyre tøy til avdelingar med truck

Kvalifikasjonar

  • Har du fagbrev frå vaskerifaget eller tilsvarande erfaring, er det ein fordel – men ikkje eit krav
  • Erfaring frå vaskeri er ein fordel
  • Vi søker etter personar med god evne for logistikkforståing
  • Det vil bli stilt krav om norskkunnskapar
  • Opplæring blir gitt i forhold til arbeidsoppgåvene

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, ærleg og lojal
  • Du har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team
  • Du er serviceinnstilt 
  • Du likar å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø 
  • Du er opptatt av et godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt og positivt i arbeidskvardagen

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Godt arbeidsmiljø og teamarbeid 
  • Tekstilforsyning er en kritisk støttefunksjon som er helt avgjørende for smittevern, pasientsikkerhet og effektiv sykehusdrift

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Christine Grimstad, Seksjonsleiar, 92619705

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5196110057
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 02.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Christine Grimstad

Seksjonsleiar

92619705

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dd9da1e2-9b40-4ec4-a7f2-e775a7db5a61

Sist endret

16. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5178a225c3f4454eb818035fe54c5909

Lignende annonser

Laster lignende annonser