Økonomi- og rekneskapsmedarbeidar
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgiver
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Rådgivar – økonomi og rekneskap
Vi søkjer ein rådgivar innan økonomi og rekneskap som vil vere med og bidra til god økonomistyring og effektiv drift. Hos oss får du høve til å bruke kompetansen din til å løyse viktige oppgåver for samfunnet.
Om staben og fagmiljøet
Verksemdsstøttestaben består av administrasjon og samordning. Denne stillinga ligg i gruppa for administrasjon. Gruppa har ei overordna rolle innan økonomi, HR/personal, intern kommunikasjon, kurs og konferansestøtte, anskaffelser samt servicekontor med publikumsmottak.
Vi er 10 medarbeidarar som har ulik fagleg bakgrunn og som saman jobbar i eit dynamisk arbeidsmiljø der alle har ein reell moglegheit til å påverke arbeidsdagen vår. Staben støtter heile organisasjonen sitt samfunnsoppdrag og yter tenester til leiarar og tilsette. (140 tilsette).
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for rekneskapsføring og kontrolloppgåver
- Oppfølging av budsjett og rapportering
- Rettleiing og støtte til leiarar i økonomispørsmål
- Bidra til vidareutvikling av rutinar og system innan økonomiområdet
Du må vere budd på å ta del i andre oppgåver innanfor Statsforvalteren sitt ansvarsområde avhengig av prioriteringar og kompetansen din.
Kvalifikasjonar
Må-krav
- Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå innan økonomi, rekneskap eller liknande
- Erfaring frå økonomi- og rekneskapsarbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Ønskt
- Kjennskap til offentleg forvaltning og statlege økonomireglement
- Erfaring med økonomisystem og analyseverktøy
Personlege eigenskapar
- Du jobbar strukturert og nøyaktig
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt
- Du er løysingsorientert og tek initiativ
Hos oss får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- løn som rådgivar med lønsspenn frå kr 580.000,- til kr 720.000,- etter kvalifikasjonar og lokal lønspolitikk. Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Hilde Merete Aure på telefon (Norge +47) 91685560.
Søknadsfrist: 14. september 2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dd716909-b41e-4b83-a695-5c4599ea6f91
- Hentet fra
sap
- Referanse
719 14. september 2025