Helsefagarbeidar 50% fast stilling Natt
Sveio kommune
Løkjavegen 35, 5550 Sveio, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 50% fast stilling Natt
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Om stillinga
Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter - 50 % fast stilling på natt som helsefagarbeidar.
Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.
Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. På natt har me eit felles team, som server både Sveio Omsorgssenter og heimetenesta i kommunen. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.
Sjå gjerne på vår Instagramkonto; #SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Arbeidsoppgåver
- Utføre faste tilsyn og observasjon etter individuelle behov
- Dokumentere hendingar og observasjoner i journalsystem
- Bidra til eit godt og trygt miljø for bebuarar og kollegaer
- Samarbeid med kollegaer og anna fagpersonell ved behov
- Følge gjeldande rutinar og prosedyrar for tryggleik og kvalitet
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Personlege eigenskapar
- Tilfredsstillande politiattest, etter gjeldande lovverk
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
- Vera fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst
- Halda seg fagleg oppdatert
- Initiativrik
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer)
Me tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktpersoner for stillingen
Espen Skråmestø
Avdelingsleiar Administrasjon Pleie- og omsorg
+47995 02 629
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dd703ef8-02b5-498b-b738-002a59446a14
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260763