Miljøterapeutar dag og natt
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet
Bregnetunet 15, 6700 Måløy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeutstilling
Oppstart
3. november 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
7
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. oktober
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd Bregnetunet, har ledige faste stillingar som vil inngå i turnusarbeid etter gjeldende regelverk. Både ordinær turnus med jobb dag/kveld og langturnus (2-7-2-7-3-7) vil vere aktuelt. Nattevaktane har eigen turnus.
Vi søker etter:- Miljøterapeutar / spesialutdannede miljøterapeutar/ miljøarbeidar til faste 100 % stillingar.
- Miljøterapeutar/miljøarbeidar til faste 87 % stillingar som vaken nattevakt.
- Miljøterapeutar/miljøarbeidar til faste 25 % helgestillingar, med arbeid kvar 4. helg.
Informer i søknad om kva stilling du søkar på.
Informasjon om stillinga og arbeidsstaden:
Avdeling Bregnetunet er eit tilbod til behandlig for ungdom som treng å redusere negativt handlingsmønster, og hjelpe dei med å snu ei utvikling som er til skade for deira framtidsmoglegheitar. Arbeidskvardagen vil bestå av godt systematisert miljøterapi og tett samarbeid med instansar rundt oss, og vi på Bregnetunet skal jobba tett og godt saman med ungdomane. Vi har inntil 3 ungdomar buande hjå oss i alderen 13 - 18 år. Vi jobbar strukturert og målretta rundt den enkelte.
Vår primære miljøterapeutiske oppgåve er å legge til rette for at ungdomen kan arbeide med si eiga utvikling gjennom å tilby:
Tydelege, tilbakevendande strukturar, og varme og truverdige relasjonar for å mogleggjere eit liv verdt å leve.
Vår kombinasjons turnus er lagt opp til å gi deg fagleg påfyll kvar veke gjennom deltakelse på felles fagmøte med konsultasjonsteam, og Tryggheit og sikkerheitstrening saman med kollegaer.
Dersom du vil lese meir om korleis det er å jobbe hjå oss på Bregnetunet kan du ta kontakt med ein av oss i leiinga, eventuelt ta ein titt på på heimesida vår:
Sogn og Fjordane ungdomssenter (Sogn og Fjordane ungdomssenter | Bufdir)
For å bli vurdert som søkar, må du legga ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du legga ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Arbeidsoppgåver
Sogn og Fjordane ungdomssenter består av avdeling Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid, og har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ivareta ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal ivareta ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte.
Sentralt for arbeidet på begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid. Arbeidet på institusjonen baserar seg dermed på grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg.
Hjå oss jobbar ein for å motivere og engasjere ungdom for endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
- Som tilsett skal du samarbeide med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartar rundt den einskilde ungdom.
- Som miljøterapeut må du pårekne rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing. I tillegg vil det vere praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga. Ein skal delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i institusjon. Å vere hovedkontakt for ungdom vil kunne inngå i stillinga.
- Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.
Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid knytt til både oss sjølv som ansatte og overfor
ungdomen. Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, skule og helse (BUP). Vi imøteser læringsutbytte på alle
arenaer.
Kvalifikasjonar
- Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog, politi eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
- For alle søkarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.
- Kandidatar utan høgskuleutdanning, men som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan og vurderast.
- Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernlova og barnevernets arbeid.
- God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Krav til førarkort kl. B.
Kven er du:
Det er ønskeleg at du har;
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlige eigenskapar:
- Du har god fysisk og psykisk helse da oppgåvene kan vere å innhente ungdomar på rømmen, tvangssiutasjoner og andre fysisk og psykiske krevjande oppgåver.
- Du er ein robust miljøterapeut, herunder tåler belastningar over tid, handterer stress godt, står trygt i motstand og avvisning, jobber godt med kontroll og ytre motivasjon og ser dei små framskritt utan store endringar.
- Du har god gjennomføringsevne, er ein lagspelar og er uthalden og lojal til din leiar og kollegaer.
- Du er tydeleg og regulert i din kommunikasjon og grensesetting.
- Du er klok, modig og komfortabel i krevjande situasjonar og konfliktar.
- Du tåler å møte kraftige uttrykk og søkjer hjelp når eigne følelsar hindrer ungdomens utvikling.
- Du er ryddig og forstår og etterlever grunnleggande struktur i miljøterapien.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
Vi tilbyr
- Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
- Løn og stilingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Dessutan kan vi tilby:
- Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Kontaktinformasjon
Ester Ytredal, Avdelingsleiar, 46619766Ragnhild Espeseth, Einingsleiar, 97648956
Arbeidssted
Bregnetunet 156700 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5024834630
Stillingsprosent: 100, 87%
Fast
Startdato: 03.11.2025
Søknadsfrist: 23.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Ragnhild Espeseth
Einingsleiar
97648956
Ester Ytredal
Avdelingsleiar
46619766
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dd642587-31cd-408a-b716-84f2c5e73652
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e7bc531856fe468d974fa5ee801947a7