Einingsleier – Fana og Ytrebygda ungdomssenter
Behandling av ungdom, Bufetat
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleier – Fana og Ytrebygda ungdomssenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Vi slår no saman fire avdelingar innan omsorg og åtferd høg til eitt senter i eit geografisk avgrensa område i Fana og Ytrebygda. Målet er å skape ein heilskapleg struktur som gjer oss i stand til å møte breidda i barn sine behov – på ein fleksibel og berekraftig måte.
Senteret er ein del av ei nasjonal utprøving i tråd med tilrådingane i NOU 2023: Med barnet heile vegen. Dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og forme framtidas institusjonsbarnevern – eit arbeid som kan få tyding langt utover denne rolla.
Motivasjon for samfunnsoppdraget og våre verdiar – respekt, openheit og deltaking – er sentralt i rolla.
Som leiar for senteret får du ansvar for å vidareutvikle og forme eit samla fagmiljø med høg kompetanse. Ressursane skal brukast på tvers for å sikre best mogleg oppfølging av kvart enkelt barn. Vi ønskjer å hindre unødvendige flyttingar og bidra til stabile relasjonar til BUP, skule, nettverk og andre viktige samarbeidspartnarar.
Dette er ei spennande leiarrolle for deg som blir motivert av utviklingsarbeid, tverrfagleg samarbeid og som ønskjer å gjere ein forskjell for barn og unge med komplekse behov.
Arbeidsoppgåver
Som einingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for vårt nyoppretta senter, med underliggande barnevernsinstitusjonar.
Det inneber at du:
- har budsjett- og personalansvar for eininga
- saman med leiargruppa skal sikre at eininga driftes forsvarleg og i tråd med relevant fagmetodikk
- bistår avdelingsleiarane og personalet til å stå i ein krevande arbeidskvardag ved å jobbe systematisk med opplæring og oppfølging av senteret
- ivaretek god internkontroll på alle driftsområde og ta hand om einingas HMS-arbeid
- medverkar til at eininga har eit godt fungerande samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar
Kunnskapsbaserte metodar:
Kvalifikasjonar
Dette må du ha:
- mastergrad innan sosial- og helsefaga eller innan leiing.
- utdanning som barnevernspedagog, sosionom, vernepleier eller tilsvarende kan også vera aktuelt i kombinasjon med 30 studiepoeng vidareutdanning.
- leiererfaring med personal-, fag- og økonomiansvar
- gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- god kompetanse på bruk av digitale verktøy
- førarkort klasse B?
Dette ønskjer vi at du har:
- røynsle frå arbeid med ein kombinasjon av strategiske og operative leiaroppgåver
- rettleiingskompetanse
- røynsle frå barnevernsverksemd, gjerne institusjonsbarnevernet
- røynsle med, og kunnskap om målgruppa
- røynsle med implementering
- Ved manglande utdanning innan leiing må ein pårekna å ta leiarutdanning etter tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Du må like ungdomar som utfordrar, og du klarer å motivere deg sjølv og dei tilsette til å stå i krevjande situasjonar. For oss er det også svært viktig korleis du som person egner deg til jobben, der vi legger særleg vekt på tydelegheit, systematikk, gjennomføringsevne samt relasjonelle og inkluderande ferdigheiter.
Derfor ser vi etter deg som kjenner deg igjen i følgjande:
- Er ein engasjert og modig leiar som blir motivert av vårt samfunnsoppdrag og våre verdiar.
- Er utviklings- og løysingsorientert.
- Har høg arbeidskapasitet og meistrar å handtera mange og komplekse oppgåver i eit høgt tempo.
- Er strukturert og analytisk og har evne til å tenkje heilskap og tverrfagleg.
- Skapar framdrift, har gjennomføringskraft og veit korleis ein førebur, set i gang og følgjer opp endringsprosjekt - og prosessar.
- Har evne til strategisk planlegging.
- Er dyktig på å motivera og utvikle gode strukturar for samarbeid og prioritering.
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1493 Leiar, med løn frå kr 850.000 – 1.000.000 pr. år. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søker:- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bufetat region vest.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Therese Hope, Avdelingsdirektør, 46615599
Alette Hilton Knudsen, Stabsdirektør, 91337060, alettehilton.knudsen@bufetat.no
Arbeidssted
Solheimsgaten 11
5058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bufetat
Referansenr.: 5020625288
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Therese Hope
Avdelingsdirektør
46615599
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dd2def40-4f4f-4439-a324-075c41b6ac54
- Hentet fra
talentech
- Referanse
10320104924e4cffbeba51ff4a10e511