Barnehage fagarbeidar/assistent - 100% fast - 2 ledige stillingar
Modnen Barnehage
Skulevegen 10, 5783 Eidfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent - Barnehage
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Vil du jobba i eit miljø prega av glede og humor, der haldningar og verdiar vert jobba med kontinuerleg?
Om stillingane:
Me ser etter ein positiv, fleksibel, stabil og omsorgsfull person som likar å jobba med born. Du må kunne ha helse som gjer det mogleg å vera ein aktiv vaksen i samspel med borna inne og ute. Erfaring og fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav.
Arbeidsoppgåver:
-
Ansvar for både grupper med og enkeltborn
-
Organisera og gjennomføra aktivitetar med born
-
Rettleia og hjelpa born i leik, læring og aktivitet
-
Bidra til at rammeplanen og barnehagelova vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
Ynskte kvalifikasjonar
-
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
-
God norskkunnskap, munnleg og skriftleg formuleringsevne bestått frå UDIR
-
Erfaring frå barnehage er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
-
Fleksibel, kunne jobba strukturert og løysingsorientert
-
Ha evne til å skapa gode relasjonar med born, føresette og kollegaar
-
Inneha gode samarbeidsevne og trivast med å jobba i team
-
Vera utviklingsorientert og har eit fagleg fokus
-
Ha god helse, vera fysisk aktiv og forstå verdien av å vera ute i all slags vêr
-
Bidra med ei positiv innstilling, både for borna og arbeidsmiljøet
-
Menn oppfordrast til å søkja
Me tilbyr
-
Fagleg engasjerte kollegaar i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle
-
Ei personalgruppe prega av humor og omsorg for kvarandre
-
Eit fagmiljø med fokus på tidleg innsats og sosial kompetanse
-
Løn etter kommunalt avtale og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
-
Gode vilkår for kompetanseheving
Tilsetjingsvilkår:
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Arbeidsspråket er nynorsk.
Merk søknaden med arkivsakID: 25/176
Spørsmål?
For meir informasjon om stillingane kontakt:
Styrar, Grete Næss, tlf. 990 34 547
Assisterande styrar, Silje Aurdal Riber, tlf. 482 39 443
Om bedriften
Om Modnen barnehagen
Modnen barnehage har 4 avdelingar med plass til 57 born. Barnehagen ligg fint til med naturen og skogen som næraste nabo. I tillegg har me basseng og idrettshall rett i nærleiken. Barnehagen er godt utstyrt digitalt, og me jobbar aktivt med inkluderande barnehagemiljø.
Me ser etter deg som er glad i å leika, læra og undre seg saman med borna, som
alltid er på bornas nivå og som er engasjert i jobben du gjer. Eit viktig mantra for barnehagen er tidleg innsats gjennom systematisk arbeid, fokus på gode relasjonar og dialog.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2855228
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
dd148c6e-ed8c-4479-9db4-f003828db883