Nattevakter - 66% vikariat
Alver kommune
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Nattevakt 66% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 17. oktober
Om stillinga
Vi søkjer to nye medarbeidarar til vår avdeling i Einelia Omsorgsbustad. Dei to stillingane er vikariatar i 66% nattevaktstilling og har per tid ein varigheit på 1 år. Desse stillingane er organisert med 10 timers vakter, med ein turnusperiode over 6 veker.
Vi søkjer deg som er fagleg trygg og har helse-og sosialfagleg bakgrunn.
Om oss
Stillinga er knytt til Einelia Omsorgsbustad som er lokalisert i Knarvik og er eit heildøgnbemanna butilbud for personar med psykisk helseproblem. Brukarane som er hos oss har sin eigen leilighet, og har tilgang til hjelpepersonale etter vedtak. Arbeidsstaden har for tida tilsette i medleverturnus, langvakter og våken nattevakter.
Arbeidsoppgåver
- Skape ro, støtte og tryggleik for bebuarar på natt
- Individuell oppfølging av bebuar i eige bumiljø
- Rapportering muntleg og skriftleg
Tilrettelegge for godt bu- og arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonskrav
- Helse og sosialfagleg utdanning, fortrinnsvis helsefagarbeider.
- Erfaring med miljøarbeid innan psykisk helse og rus
- Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg.
- Dersom ein ikkje har helse og sosialfagleg utdanning, kan nokon år med erfaring med fleire ulike brukarar innan psykisk helse og rus kompensere for utdanningskravet.
Kven er du?
- Du er robust, og kan håndtere krevjande situasjonar med ei roleg framtoning.
- Du har eit engasjement for brukargruppa og kommuniserer godt
- Du har evne til å ta imot og implementere rettleiing
- Du har ei positiv innstilling og vilje til å lære
- Du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
- Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Lengre friperioder i turnus
Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
Deling av fagkunnskap mellom kollegaer
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Vi er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Bidrag til utvikling vert godt mottatt.
Vi er Alver
Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Om bedriften
Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dcd8eb1f-1298-497a-bbd2-092a11a99db2
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265220