Hopp til innhold

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Orstad naturbarnehage

Sted

Skogvegen 16, 4353 Klepp Stasjon

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 1. desember

Orstad naturbarnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.04.2026

Vi ser etter deg som brenn for å skape gode barndomsminner, og som ønskjer å jobbe i eit miljø med fokus på natur, leik, utforsking og trygge relasjonar.  

Orstad naturbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Orstad i Klepp kommune. Vi er ein naturbarnehage med naturen i fokus. Hjå oss er leik, mestring, samarbeid og nærleik til naturen ein naturleg del av pedagogikken. Vi er eit fagleg engasjert personale som jobbar målretta for å skape eit innkluderande og godt barnehagemiljø. 
 
Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare læring. Pedagogisk leiar er ein del av  barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte meo sertifisert barnehage. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personalet for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barn. 


Arbeidsoppgåver

  • Leie og organisere det pedagogiske arbeidet i fht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehageloven sitt formål og rammeplan 
  • Planlegge, gjennomfør, dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet i barnegruppa. 
  • Legge til rette for barn sin leik, læring, trivsel og utvikling. 
  • Veilede og støtte personalet i det arbeidet. 
  • Ta initiativ til å være pådriver for fagleg utvikling og nytenkning, og sjå ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen.    
  • Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelingen, og skal jobbe for at både barn, foreldre og medarbeidare har ein god kvardag i barnehagen.   
  • Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna.     

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning. For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge kreves det godkjenning for utdanningen fra utdanningsdirektoratet (NOKUT)  
  • Søkarar må tilfredstille krav som kjem fram i barnehagelova kapittel IV -personal 
  • Godkjend politiattest må foreligge før tiltredelse  
  • For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehageloven §27 og §28 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 
  • Husk å laste opp attestar og vitnemål når du søkjer 

Personlege eigenskapar

  • Du er autoritativ i møtet med barn og dine medarbeidere.
  • Du har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute 
  • Du er positiv, og vil vere med på å skapa/oppretthalde eit godt arbeidsmiljø 
  • Du er engasjert, løysingsorientert, målbevisst og framtidsretta 
  • Du er god til å arbeide både sjølvstendig og i team 
  • Du har et bevisst forhold til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt leiarteam 
  • Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel 
  • Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv 
  • Du har fokus på nærvær 
  • Du må ha helse som er foreneleg med det å jobbe i barnehage 

Vi tilbyr

  • Eit sterk fagleg felleskap, og muleghet til å bidra til utviklinga av framtidas barnehage. 
  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø med stabile medarbeidarar som kjenner kvarandre godt og som saman skapar forutsigbarhet, kvalitet og gode opplevingar for både barn, tilsette og føresette. 
  • Løn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP. Gode lønnbetingelsar for dei med relevant vidareutdanning
  • Klepp kommune har ulike velferdsordningar og gode forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Elin Solheim Pedersen, Styrar, +47 45037317

Arbeidsstad

Skogvegen 16
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5211209069
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Elin Solheim Pedersen

Styrar

+47 45037317

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

db68e368-39b6-481f-9fe9-c792bb5282ab

Sist endret

17. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

25fd57921ade47c6b1c899c4813a664e

Lignende annonser

Laster lignende annonser