Hopp til innhold

Førstekonsulent/rådgjevar (eittårig vikariat – jurist)

Arbeidsgiver

Kultur- og likestillingsdepartementet

Sted

Einar Gerhardsens plass 2, 0179 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Førstekonsulent/rådgjevar (eittårig vikariat – jurist)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 26. august

Om stillinga

Er du ein dyktig jurist med interesse for forvaltningsrett, politiske prosessar, kunst og kultur? Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig eit eittårig vikariat som førstekonsulent/rådgjevar i avdeling for kulturvern i seksjon KV1. Stillinga inngår i eit team med juristar som jobbar innanfor avdelinga sine ansvarsområde. Avdelinga har mellom anna ansvar for fagfelta litteratur, språk, museum, visuell kunst og ulovleg handel med kulturgjenstandar.

Stillinga omfattar eit breitt spekter av juridiske oppgåver med stort rom for fagleg og personleg utvikling. Du vil inngå som del av eit stimulerande og tverrfagleg miljø som består av engasjerte og kompetente juristar, økonomar, samfunnsvitarar og humanistar. KUD er eit relativt lite departement, men sakene våre får ofte mykje offentleg merksemd. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk.


Arbeidsoppgåver

  • juridiske oppgåver med stor breidde innan kulturfeltet
  • utgreie juridiske problemstillingar
  • handsame klagesaker og innsynssaker
  • førebu saker for den politiske leiinga og svare på spørsmål innan fagfeltet 
  • arbeid med med lov- og forskrifter i avdelinga 

Kvalifikasjonar

Du må ha:
  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

    Det vil vere ein fordel om du har kjennskap til og erfaring med juridisk oppgåveløysing innanfor offentleg forvaltning. 

Vi ser etter deg som er
  • nøyaktig og systematisk
  • analytisk og forstår offentleg sektor
  • sjølvstendig og samtidig god på samarbeid
  • interessert i og forstår forholdet mellom politikk og forvaltning

    Vi vil leggje vekt på motivasjon og personlege eigenskapar.

Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.


Vi tilbyr

  • lønn frå 570 000–630 000 kroner per år som førstekonsulent eller frå 600 000–710 000 kroner per år som rådgjevar (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
  • høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
  • introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
  • eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø

Vi har flytta inn i det nye Regjeringskvartalet og har flotte, lyse og moderne lokale.

Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.

Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkarliste og kontakt

Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Eskil Havgar på telefon +47 47 26 23 38.


Om avdelinga

Kulturvernavdelinga er sett saman av to seksjonar og har ansvar for politikkområda arkiv, bibliotek, museum, visuell kunst, litteratur, språk, kulturbygg, immateriell kulturarv, inn- og utførsel av kulturgjenstandar, samiske saker og krigsgravtenesta.

Avdelinga har ansvar for forvaltninga av Språkrådet, Nasjonalarkivet, Nasjonalbiblioteket, Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek, KORO (Kunst i offentlege rom) og Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje. Lover under avdelinga sitt ansvarsområde er arkivlova, språklova, boklova, lov om pliktavlevering, stadnamnlova, lov om bibliotekvederlag, lov om folkebibliotek, lov om kunstavgift, kulturminnelova §23, lov om gravferd § 23a, samt div. forskrifter. 


Kontaktperson for stillingen

Eskil Havgar

Avdelingsdirektør

+47 47 26 23 38

Om bedriften

Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

db4d9f38-ec1b-4ad3-a8db-a508301d1b9c

Sist endret

6. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10304957

Lignende annonser

Laster lignende annonser