Overlegar til Mottaksklinikken
Mottaksklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Overlegar til Mottaksklinikken
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. oktober
Mottaksklinkken har 5 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost og Diagnostisk senter. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. Team Akuttposten i Utgreiingsmottak 1 er spesialisert på rusproblematikk. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit særskild ansvar for primærvurdering/triage samt oppfølging av pasientar med høg hastegrad. Kortidsposten er ein observasjonseining for pasientar med avklarte problemstillingar og forventa kort liggetid. Diagnostisk senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøyrsle.
Overlegane er tilsette i Mottaksklinikken, i tillegg kjem legar på vakt/ konsultativ basis frå dei andre kliniske miljøa på sjukehuset. Det var ca 45 000 pasientar gjennom akuttmottak og nærare 13 000 ØH avdelingsopphald i sengeeiningane i løpet av 2024. Mottaksklinikken har overlegar med bistilling ved UiB og det pågår for tida fleire store kliniske studiar.
Arbeidsoppgåver
- Det er 20-delt vakt med arbeidstid til kl 22 og heimevakt
- Deltaking i avdelingane si undervisning og opplæring for legar i utdanningsstillingar, for andre faggrupper og for legestudentar
- Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid og forsking
- Legane som blir tilsette i Mottaksklinikken vil få oppgåver i høve til system, som til dømes klargjering av ansvar, pasientlogistikk og samhandling. Likeeins vil dei ha ei koordinerande rolle i mottak og ansvar for den initiale medisinske vurderingar av pasientane
- I Utgreiingsmottaket og Korttidsposten har overlegane det medisinske ansvaret i teamet kring pasientane
Kvalifikasjonar
- Spesialist i Akutt- og mottaksmedisin, eller annen indremedisinsk retning
- Du har god fagleg kunnskap og innsikt
- Evner å handtere og prioritere riktig i samtidighetssituasjonar
- Bidrar aktivt til å oppretthalde kompetansen og er bevisst ansvaret som blir tillagt stillinga
- Akademisk kompetanse og forskingsaktivitet blir vektlagt. Doktorgrad er ein fordel
- Norsk autorisasjon
- Søkar må mestre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Lærevillig og forbetringspådrivar
- Fleksibel og dynamisk
- Vi søker deg som trivast når det er travelt, har pasienten i fokus og er opptatt av god logistikk og høg fagleg kvalitet i akuttkjeda
- Du må like utgreiing og diagnostikk og du hentar fram det beste i deg når du jobbar i tverrfaglege team
- Respektfull og trygg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- Ansvarsbevisst og samarbeidsorientert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein unik moglegheit for nyskaping
- Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
- Lønn etter avtale
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tarjei Nestegard, Einingsleiar, 41313301Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5019574180
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Tarjei Nestegard
Einingsleiar
41313301
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db2dbf2c-3424-4547-9ac7-9ee0814bd9bd
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d07728394c9a4137bf03b35f6f0606fd