Ternholmtunet bustad
Øygarden kommune Ternholmtunet bustad
Ternholmvegen 51L, 5337 Rong, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar 50% fast
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi ser etter ein motivert og engasjert vernepleiar / sjukepleiar, som ynskjer å nytte og vidareutvikle fagleg kompetanse, saman med flotte medarbeidarar. Ein som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø og til god livskvalitet for tenestemotakarane.
Om avdelinga:
Ternholmtunet bufellesskap og omsorgsbustader ligg på Rong, og yter tenester til personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov.
Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvbestemming, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidar og assistentar.
Vi har no ledig ei 50% fast stilling som miljøterapeut, kor det kan bli mogleg med opptil 20% ekstra i timebank. Stillinga er ledig frå 01.12.25. Det er årsturnus med kombinert tidlegvakter, seinvaktar og langvaktar, med arbeid kvar 4.helg.
Arbeidsoppgåver:
- Ivareta bebuarens individuelle behov
- Leggje til rette for meiningsfylt aktivitet
- Være pådrivar for fagleg utvikling
- Arbeid knytt til Lov om helse- og omsorgstjenester kap. 9.
- Planleggje, iverksette og evaluere faglege tiltak, som fremmer målretta miljøarbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar.
- Andre med 3 årig høgskoleutdanning kan bli vurdert.
- Erfaring med miljøterapeutisk arbeid
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Godkjent politiattest må visast fram før tilsetjing
- Erfaring frå brukargruppa
- Erfaring med åtferd som utfordrar
- Være fleksibel og oppteken av å finne løysingar
- Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
- Respekt og engasjement for brukargruppa
- Taklar hektiske og fysisk utfordrande situasjonar
- Du er ein god lagspelar og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Åshild Erstad Hagen, Avdelingsleiar: 909 43 934
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db2a60cb-f2e9-48e3-b258-25607ac77eae
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3544003_241095_nn