Sjukepleiar 100% vikariat
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 100% vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. januar
Vestre Slidre kommune søkjer etter sjukepleiar til eit 100 % vikariat i heimetenesta, frå 23.03.26 til 01.02.27. Arbeidstidsordninga er tredelt turnus, med moglegheit for langvakter kvar 6. helg.
Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre, som har rett på nødvendig helsehjelp i henhald til Helse- og omsorgstjenesteloven. Det er eit sjølvstendig arbeid, med stor variasjon.
På helgvaktene har sjukepleiar det faglige ansvar både i heimetenesta og på helsetunet. Utfører konkrete sjukepleieoppdrag og ellers hjelper til der det er behov.
Det er ynskjeleg å legge til rette for fagleg kompetanseheving i vårt arbeid. Vi er ein dyktig gjeng med brei fagleg kompetanse, beståande av bl. a. allmennsjukepleiar, fagsjukepleiar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Vi jobbar med velferdsteknologiske løysingar, saman med velferdskoordinator. Vi har óg eit tett samarbeid med hukommelseteamet, ergoterapeut, fysioterapeut og kreftsjukepleiar
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar for tenesta på dag, kveld og natt
- Primæransvar for pasientar - kunne bistå pasientar i tråd med vedtak, behov og faglege krav
- Medikamentadministrasjon
- Dokumentasjon
- Samarbeide med blant anna pasientar, fastlege, ergo/fysio, sjukehus, pårørande og apotek
- Fagleg oppdatering - sørge for å innhente opplysningar og kunnskap for å kunne gi forsvarlege tenester
- Handtere tryggheitsalarmar og akutte hendingar hjå pasientar
- Bruk av digitale verktøy
- Samarbeide med kollegaer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
- Grunnleggande datakunnskapar
- Førarkort kl. B. Tilgang til å kunne disponere eigen bil i sjeldne tilfeller, då mot skyssgodtgjersle etter regulativ.
- Det er krav om å levere politiattest ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- Være fleksibel og løysingsorientert
- Ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga og på tvers av faggrupper
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Gode kommunikasjonsevner
- Lojal, løysningsorientert og ansvarsbevisst
- Personleg egnaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø som er opptatt av det faglege
- Medlemskap i KLP pensjonsordning
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Arbeid i et nytt og flott helsetun
Kontaktinformasjon
Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, +47 97592703Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5055592353
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Hanne Kårstad
Avdelingsleiar
+47 97592703
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db23db23-57f0-4ef0-b228-d4fa60ce25a4
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f2a15c6c3a134f4ea3a5285521fa1249
Lignende annonser
Sykepleier ved hjemmetjenesten
Arbeidsgiver
Ringebu Kommune Hjemmetjenesten Ringebu
Sted
Ringebu, Innlandet
Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Sted
Heggenes
Arbeidsgiver
Ringebu Kommune Tilrettelagte Tjenester Bolig
Sted
Ringebu, Innlandet