Lærar ved Selbjørn skule
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø, Selbjørn skule Gullsmedvegen 20, 5397 Bekkjarvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar ved Selbjørn skule
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Selbjørn skule er ein barneskule med om lag 170 elevar og 35 tilsette. Vi held til i flotte omgivelsar i Bekkjarvik. Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal, flott musikkavdeling og stort uteområde.
Vi er med i Trivselsleiar-programmet, som er det største programmet i Skandinavia for aktivitet og inkludering i barne- og undomsskule. Konseptet TL-undervisning kombinerer fysisk aktivitet og læring i undervisningen. Hos oss bidrar både tilsette og elevar til eit betre samhold og eit tryggare skolemiljø gjennom organisert aktivitet i friminuttene.
Om stillinga
Selbjørn skule har ledig eit 100% vikariat som lærar.
Vikariat gjeld ut skuleåret 2025-2026.
Austevoll kommune er under omstilling. Arbeids- og ansvarsområde kan derfor bli endra.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag på 1-7. trinn
- Faglæraroppgåver
- Arbeide i team
- Kontaktlærar
- Samarbeid heim-skule
- Aktiv deltaking i skulen sine utviklingsprosjekt
- Samarbeid internt og med andre faginstanser
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn
- Det kan vurderast å tilsette mellombels for kandidat med relevant utdanning for stillinga dersom det ikkje skulle vere kvalifiserte søkarar. Relevant utdanning kan vere for eksempel pedagogikk, språkfagleg bakgrunn, matematikk eller norsk
- Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
- Fordel med kompetanse til å undervise i fleire ulike fag
- Ønskeleg med undervisningserfaring i basisfag
- Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
- Er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
- Vere samarbeidsvillig og inkluderande
- Ha gode skriftleg og munnleg norskkunnskapar
- Ha god IKT-kompetanse
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kroner per år. Kontaktlærartillegget er på 32 000 kroner per år
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db06140c-9ae8-4030-91f3-6f5a9daf21eb
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266399