VTI-symjing søker opplæringstrenarar/symjetrenarar til symjeskulen vår
VOLDA TURN OG IDRETTSLAG - ALLIDRETT
joplassvegen 1, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Opplæringstrenar/Symjetrenar
Type ansettelse
Engasjement, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk snarest mulig
VTI-symjing søker engasjerte og motiverte medarbeidarar til stilling som opplæringstrenar/symjetrenar i klubben vår. Å arbeide som symjetrenar er både utfordrande, givande og ein morosam jobb med eit viktig samfunnsoppdrag. Arbeidet vil i hovudsak foregå på ettermiddag/kveld i vekedagar. Vi treng også småbarnsinstruktørar til barnehagesymjing som foregår på dagtid fredagar. Typisk varer ein vakt mellom 2 -- 4 timar og det er vanleg å arbeide 1 -- 3 ettermiddagar i veka. Vi prioritera dei som kan ta på seg faste vakter, men treng også ringevikarar.
VTI‑Symjing tilbyr symjetilbod for born, ungdom og vaksne på alle nivå, frå nybyrjar til konkurransesymjar. Klubben bygger arbeidet sitt på metodikk frå Norges Svømmeforbund, med mål om å skape tryggleik og vassglede hos deltakarane.
Om du har erfaring med symjing/symjeopplæring er det ein fordel, men ikkje nødvendig då opplæring vil bli gitt.
Vi kallar inn og tilset kandidatar fortløpande.Hovudoppgåver Opplæringstrenar/Symjetrenar:
-
Ansvar for å planleggje og gjennomføre symjeundervisning
-
Tilpasse opplæringa til ulike nivå og behov
-
Føre oppmøte og registrere beståtte delmål i systemet til trygg i vann.
-
Leggje til rette for ein trygg, inkluderande og motiverande læringsarena for born og unge.
-
Samarbeide med kollegaer
Kvalifikasjonar:
-
Erfaring frå arbeid med born og unge er ein fordel, men ikkje eit krav.
-
Det er ein fordel om du er 18 år eller eldre, men kan søke på stillinga om du har fylt 15 år.
-
Serviceinnstilt og trygg i kontakt med born og vaksne.
-
Personleg eignaheit vektleggast
Vi tilbyr:
-
Ei meiningsfull rolle i eit aktivt og utviklingsorientert klubbmiljø.
-
Kursing av kurshaldarar utdanna gjennom Norges Svømmeforbund
-
Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø.
-
Konkurransedyktige vilkår
Om bedriften
VTI-Symjing er ein klubb med lange tradisjonar innan symjeidretten. Symjeopplæringa utgjer ein stor del av klubben si drift. I januar 2025 opna den nye, flotte Voldabadet der klubben held til.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
daf36a7a-f1c9-4d5f-abe2-e1fbca633058
- Hentet fra
FINN
- Referanse
421272175