Kontrollingeniør
Statens vegvesen
Langebruvegen 28, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Kontrollingeniør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 23. januar
Om stillinga
Førdepakken skal bygge nye vegar, bruer, fortau og sykkelvegar, til saman 20 deltiltak. Saman skal dette danne grunnlag for god byutvikling, der å gå og sykle vil være ein føretrekt måte å komme seg fram i byen. Fleire gater og betre vegar vil også gje betre flyt i trafikken i Førde sentrum.
Målet er at Førdepakken skal løyse utfordringar både for biltrafikken, dei mjuke trafikantane og bygge eit Førde for framtida. Du kan lese meir om Førdepakken på vår heimeside: https://www.fordepakken.no/
Prosjektet søkjer no etter kontrollingeniør for vegarbeid / VA / betong og geomatikk for tiltak 8, 15, 18 og 19 som er planlagt ferdig bygde i 2030.
Kontrollingeniøren vil ha arbeidsstad Førde inn til Statens vegvesen er ferdig med sine oppgåver tilknyttet Førdepakken. Det er i utgangspunktet lagt opp til vanleg arbeidstid 8 -15:30, men ein må også pårekna å følgje entreprenøren sine arbeidstidsordningar.
Arbeidsoppgåver
Som kontrollingeniør har du ansvar for oppfølging av entreprise og kontrakt, og følge opp krav til dokumentasjon og informasjon.
Videre vil sentrale oppgåver være:
- følgje opp entreprenøren sitt arbeid, i høve framdrift og krav i kontraktar
- kontrollere entreprenøren sin dokumentasjon, medrekna kontroll og godkjenning av målebrev
- utarbeiding og oppfølging av Statens vegvesen sine kontrollplanar
- skrive kontrollørmeldingar og støtte byggeleiar i laupande oppgåver
- delta på fagmøte og andre møte etter behov
- støtte byggeleiar i oppfølging av kontrakten
- utføre geomatikaroppgåver
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha 3 års relevant utdanning frå høgskule eller universitet, fortrinnsvis innan bygg- og anlegg, betong- eller vegtekniske fag. Omfattande og relevant erfaring innan de relevante fagområda kan kompensere for utdanningskravet.
Du må også ha gode kunnskapar i bruk av IKT- verktøy, god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, samt førarkort klasse B.
Vi vektlegg kompetanse innan bygging av veg, betongfag og geomatikk, samt relevant erfaring frå tilsvarande prosjekt frå entreprenør- eller byggherresida, men nyutdanna kan også søke.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar:- Sjølvstendig- og strukturert
- Gode samarbeidsevner i et tverrfagleg fellesskap
- Gode kommunikasjonsevner
- Nøyaktig og kvalitetsbevisst
- God gjennomføringsevne
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
da272d23-681e-4fc7-9e89-b5ed9c38d110
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275092
Lignende annonser
Anleggsleder bygg og anlegg
Arbeidsgiver
HS
Sted
Møre og Romsdal, Vestland
Feltlaborant
Arbeidsgiver
Veidekke
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Førde Sementvare AS
Sted
Førde