Fagbioingeniør i vikariat ved Hormonlaboratoriet
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagbioingeniør Hormonlaboratoriet
Oppstart
23. februar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. oktober
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi).
Vi utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Hormonlaboratoriet er eit spesiallaboratorium for hormonanalysar og er ein av dei 12 analytiske seksjonane i MBF. Det blir utført om lag 200.000 hormonanalysar i året og legegruppa til Hormonlaboratoriet har i tillegg det medisinsk faglege ansvaret for om lag 500.000 hormonprøvar analysert ved andre seksjonar i MBF. På Hormonlaboratoriet er vi nesten 30 medarbeidarar fordelt på bioingeniørar, metodeutviklarar, kjemiingeniør og legar. Vi har både automatiserte immunologiske metodar, manuelle benkemetodar og LC-MS/MS-metodar.
Fra 23.02.26 - 28.08.26 er det ledig 100% vikariat som fagbioingeniør på seksjonen. Tidlegere oppstart i stillingsprosent på inntil 50% kan vurderast.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Delta i den daglege rutinedrifta ved seksjonen. Dette gjeld óg blodprøvetaking
- Metodeansvarleg for steroidhormon i serum, spytt og urin
- Ansvar for rutinemessig vedlikehald av LC-MS/MS-instrument
- Ansvar for produksjon og innkjøring av interne kalibratorar, kvalitetskontrollar, interne standardar (IS) og system suitability test-prøvar (SST)
- Bidra ved feilsøking og problemløysing relatert til metodar som ligg innanfor ansvarsområdet til fagstillinga
- Dokumentasjon av metodar og utforming av prosedyrar
- Bidra til gjennomføring av forskingsprosjekt som nyttar aktuelle metodar
- Utføre kvalitetsarbeid og bidra til utvikling av kvalitetsarbeid ved seksjonen
- Må halde seg fagleg oppdatert innan sitt fagspesifikke område
- Andre oppgåver kan tilkome
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års erfaring frå tilsvarande laboratorium
- Det blir lagt vekt på erfaring med metodar som ligg innanfor ansvarsområdet for fagstillinga
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, nøyaktig og strukturert
- Fleksibel og endringsvillig
- Ansvarsbevisst og samarbeidsvillig
- Kan jobbe på sjølvstendig grunnlag og effektivt organisere eigen arbeidsdag
- Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
- Interesse for utvikling og kvalitet
- Engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Personleg egnethet vektlegges
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Fagleg og personleg utvikling
- Dagstilling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Charlotte E. Brunstøl, Seksjonsleiar, 55974381, charlotte.elisabeth.brunstol@helse-bergen.noIngunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5024372875
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d9fbfe12-1edf-4737-97ba-c26c34b81f73
- Hentet fra
talentech
- Referanse
704b2d8b136149a785425fad06f1f98f