Hopp til innhold

Er du vår nye brannkonstabel?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Brann og redning

Sted

Mobergsbakken 111, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
Brannkonstabel 100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Bjørnafjorden brann og redning har ledig 100% fast stilling (+ 3% vaktstilling) som brannkonstabel ved beredskapsavdelinga på Os. Brannkonstabelen utgjer ein del av dagberedskapen.

Hovudstillinga som brannkonstabel inneber å dekke beredskapen på dagtid frå 08:00-15:30 måndag til fredag. Utover dette går du i ein 4-delt rotasjon med heimevakt kvar 4. veke - måndag til måndag. Det inneber å vere i beredskap heile døgnet den veka du har vakt. I tillegg øver vaktlaga 58,5 timar i året, dette utgjer 3% stilling.

Arbeidsstad Brannstasjonen på MobergArbeidsoppgåver:
  • brannkonstabel ved brann, ulukke og andre redningsoppdrag
  • systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
  • instruktør/ kurshaldar
  • informasjon- og motivasjonsarbeid retta mot barn og unge
  • drift og vedlikehald av utstyrsparken
  • fagansvar for tildelt fagfelt
  • halde seg oppdatert på IKT-system og HMS-føringar
  • bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
  • bidra til at Bjørnafjorden brann og redning er synleg og tilstades for innbyggjarane på ein god måte
  • andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Du må delta i dreiande vaktordning (heimevakt) kvar fjerde veke, samt bære varslingseining(radio) på fritida.
Du må ha bustad i nærleiken av Os brannstasjon på Moberg, avstandskrav til  brannstasjonen etter gjeldande brannordning.

Uttømmende politiattest krevst ved tilsetjing i samsvar med Brann- og eksplosjonsvernslova, kap. 2, § 18. – Politiattest

Kvalifikasjonar:
  • du har fullført fagskoleutdanning fra brann og redningsskolen eller grunnkursopplæring fra brann- og redningsskolen (heltids grunnkurs, deltids grunnkurs påbegynt før 1.3.2022 eller tilsvarende yrkesutdanning for brannkonstabel jf. Brann og redningsvesensforskriften § 37)
  • du må ha god fysisk og psykisk helse
  • du må kunne tilfredstille krava til å vere røykdykkar
  • du må ha minimum førarkort klasse B
  • du må pårekne å ta førarkort klasse C for eigen rekning innan 1 år om du ikkje har dette fra før
  • du må vere svømmedyktig
  • du må ha gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar

 Det er ønskjeleg at du har:

  • erfaring frå beredskapsarbeid
  • kode 160
  • redningsdykkarkompetanse
  • førarkort BE
  • båtførarprøven
  • førstehjelpskompetanse
  • avtent førstegongsteneste

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Det vert lagt vekt på dine personlege eigenskapar og evne til å arbeide i team.
Alle kandidatar som går vidare i rekrutteringsprosessen må gjennom eit fysisk opptak.
Vi gjer merksam på at det kan avtalast bindingstid dersom kommunen yter vesentleg økonomisk støtte til opplæring. Bindingstida kan vere på inntil to år, jf. Hovudtariffavtalen.

Vi tilbyr:
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Trening i arbeidstida
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Lønn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

 Vi oppmodar kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søke.

Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Erik Walden

Leiar beredskap/varabrannsjef

+47 907 58 258

erwa@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d9534c5e-6971-44b2-bc50-46de9cbc5caf

Sist endret

6. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3675327_203825_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser