Ønsker du ein variert og innhaldsrik kvardag?
Ølensjøen FUS barnehage as
Litlehagen 4, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeider/barnehagemedarbeider
Oppstart
02.01.26
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Fleire foreldre ønsker plass til barna sine frå nyttår, og me treng derfor nye kollegaer på laget vårt. I tillegg til to faste stillingar som fagarbeidar/barnehagemedarbeidar, har me også ledig vikariat i 40-100% stilling frå snarast.
Vil du gjere ein forskjell i barn sitt liv? Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me treng deg som vil væra med barna på den reisa.
Her er din sjanse til å gi barn ein trygg, inkluderanse og inspirerande kvardag i Ølensjøen. Du vil bli ein del av eit stort fellesskap kor me legg vekt på å lage gode dagar for barn og tilsette. I arbeidsmiljøet er delingskultur, involvering og arbeidsglede viktige element. Eit språkleg og kulturellt mangfald i barnegruppene gir barna eit unikt høve til å utvikle evne til å væra respektfulle, vise omsorg, empati og ha forståing for ulike perspektiv. Er du og glad i å være på tur? Det er me, og med FUS-bussen tilgjengeleg kan me komme oss ut på eventyr både nært og fjernt. På kjøkkenet er me så heldige å ha vår eigen kokk, som stadig inspirerer smak- og luktesansen vår med velsmakande retter.Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar?
Ja? Då er du kanskje den vi ser etter!
Vi tilbyr:
- Eit inkluderande arbeidsmiljø der latter og samarbeid er ein naturleg del av dagen
- God rettleiing og støtte frå kollegaer som vil deg vel og at du skal lukkast
- Ein meiningsfull jobb der du kvar dag bidreg til å forme små menneske for framtida
- Ein barnehage med høg trivsel og rom for å prøve ut nye idear
- Gode løns- og pensjonsvilkår
- Eigne FUS-klede
Arbeidsoppgåver:
- Leggje tilrette for at barna får utvikle seg gjennom leik, aktivitet og samspel
- Være nysgjerrig, kreativ og engasjert saman med barna i kvardagen
- Delta aktivt i barnehagen sine faste rutinar og arktivitetar
- Bidra til eit varmt og inkluderande miljø der barna opplever tryggleik, meistring og glede
- Likar å arbeide tett med mennesker, er omsorgsfull og ansvarsfull i samarbeid med barn og kollegaer
- Likar å engasjere deg i leik - har ekte begeistring for samvær med barn
- Er ein aktiv og trygg vaksen som likar å væra ute i all slags vær
- Kan tilretteleggja for leik og læring på kreative måtar
- Er fleksibel og ser løysingar
- Har gode ferdigheter i norsk
Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring.
Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d8f1f26b-7e48-41a4-ae39-41c7232c85d0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f7f3bdeb8b7946038599c73aac81f328