Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø?
Etne kommune Pleie og omsorg
Holmavegen 30, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleiar/sjukepleiar, fast 100%
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. august
To av våre dyktige og trufaste spesialsjukepleiarar går av med pensjon etter mange år i tenesta. Me søkjer difor etter to engasjerte spesialsjukepleiarar/sjukepleiarar i 100 % faste stillingar til vår sjukeheimsavdeling.
Avdelinga har 20 sjukeheimsplassar, fordelt på kortid- og langtidsplassar. Me er opptekne av å gi gode tenester av høg kvalitet til bebuarane våre, samtidig som me tek vare på kvarandre og skapar eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepeleiarfagleg oppfølging av bebuarar på korttids- og langtidsopphald
- Kartlegging, planlegging og evaluering av pleie- og omsorgstiltak
- Samarbeid med bebuarar, pårørande og tverrfaglege samarbeidspartnarar
- Bidra til kvalitetsutvikling og fagleg arbeid i avdelinga
- Gi rettleiing og støtte til kollegaer, elevar og studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Videreutdanning som spesialsjukepleiar innan geriatri er ønskjeleg
- Gode norskkunnskaper, munntleg og skriftleg
- Interesse for eldreomsorg og fagleg utvikling
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Eigenskapar
Me ønsker medarbeidarar som:
- Er fagleg engasjerte og omsorgsfulle
- Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Er ansvarsmedvitne og løysningsorienterte
- Er fleksible og har gode samarbeidsevner
Me tilbyr
100% fast stilling, det kan leggjast tilrette for ein lågare stillingsstorleik dersom det er ønskeleg
Moglegheit til å velgje mellom:
- Langvakter med arbeid kvar fjerde helg
- Ordinære vakter med arbeid kvar tredje helg
Eller ein kombinasjon av lange og ordinære vakter - Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
- For sjukepleiarar som ønsker å ta videreutdanning er der rom for å søkje tilrettelegging og stipend
- Gratis parkering
- Årlege fagdagar for heile personalgruppa
Annan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d83b4480-ed34-4ab4-957f-4473988085ea
- Sist endret
5. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3650907_213991_nn