Miljøterapeutar fast helg 21%
Stavanger akuttsenter - Røyneberg, Bufetat
Marknesringen 48, 4052 Røyneberg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut Helg 21%
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 21%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 9. september
Ved Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg, vert det med dette lyst ut 2 faste helgestillingar ca 21 % stilling som miljøterapeut.
Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom
Ungdomane du skal hjelpe kjem til oss i ei kritisk stund i eiga liv.
Vil du vere med å hjelpe dei?
Vere der for dei når det gjeld som mest?
Gje dei omsorg, varme og tryggleik i timane, dagane og vekene som kjem?Hvis du finn meining i dette, og har eigenskapane, utdanninga og erfaringa som skal til, kan dette vere rette jobben for deg.
Miljøterapeutstillingar ved Stavanger akuttsenter har i dag ulike turnusordningar. Avdeling Røyneberg har eigne vakne nattevaktar, dag og kveldsvaktar, og faste deltidstillingar på helg som jobbar hhv ei langvakt 13 timar og ei kveldsvakt kvar 3. helg. Det må påreknast endringar og justeringar i turnus utifrå driftsbehov. Avdeling Røyneberg tek imot ungdom plassert etter lov om barneverntenester §§ 3-2, 4-1, 4-2, 5-5 jmrf. 5-1. Avdelinga har totalt plass til 3 ungdommar i alderen 13-18 år.
Ungdomane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dagar. Opphaldet i institusjonen skal bidra til kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak.
Det å jobbe i akutten byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
Vi ynskjer ei lik kjønsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi særskilt menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
- Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel mens dei bur hos oss.
- Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
- Ansvarsvakt.
- Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
- Søkjarar med min. 2 år relevant høgskoleutdanning med fullført minst 90 studiepoeng og relevant erfaring kan vurderast.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
Det er ønskjeleg med:
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Rettigheitsforskrifta/ Barnevernslova.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som vert motivert av ansvar, arbeidar sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdomane og deira behov.
- Du må ha evne til å oppretthalde ein god struktur, eit fagleg perspektiv og å samarbeide i team.
- Du er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
- For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 480 000 – 605 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 532 200 – 650 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 650 000 pr. år.
- For søkarar som ikkje har fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t. kr 450 000 – 550 000.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån på konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Dessutan kan vi tilby:
- Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
- Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avd. Røyneberg.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Nina Østebrød Skåra, Avdelingsleder, 46617626, nina.skara@bufetat.noKine Norland Wedø, Fagkoordinator, 46619029, kinenorland.wedo@bufetat.no
Arbeidssted
Marknesringen 484052 Røyneberg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4994583100
Stillingsprosent: 21%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 09.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d7d2b4b9-60cc-4ff7-97d4-e809eb93c98c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5347703656a2481ab6923cb776a2beed