Administrativ koordinator for medisinstudentar
Kompetanse og utdanning, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Administrativ koordinator for medisinstudentar
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Engasjement, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Vi søkjer ein engasjert og strukturert medarbeidar til ei spanande 50% stilling som administrativ koordinator for medisinstudentar i praksis hjå oss.
Som koordinator, får du ei nøkkelrolle i å sikre at praksisopphaldet til medisinstudentane blir lærerikt og godt organisert. Du blir bindeleddet mellom utdanningsinstitusjonen Universitetet i Bergen, studentane, klinikkane og interne støttetenester. Du vil samarbeide tett med både fagmiljø og administrasjon.
Arbeidsoppgåver
- Informasjon og dialog med klinikkar/avdelingar, studentar og utdanningsinstitusjon
- Organisere, fasilitere og administrere for det praktiske i samband med opphaldet
- Mottak og oppfølging av studentane
Ein må rekne med at oppgåvene kan endre seg noko i takt med innføring av ny modell for medisinerutdanning (Vestlandslegen).
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet (administrasjon, helse- og sosialfag, pedagogikk o.a), evt. tilsvarande erfaring som kan kompensere for utdanning.
- Erfaring frå administrativt arbeid, gjerne innan helse eller utdanning
- Gode ferdigheiter i digitale verktøy og system
- Erfaring med koordinering, planlegging og oppfølging av prosessar
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
Personlege eigenskapar
- God organisasjonsforståing og evne til å halde oversikt
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å samarbeide
- Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- Serviceinnstilt og trygg
Vi tilbyr
- Ei meningsfull rolle med direkte påvirknad på studentane si oppleving og læring
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Moglegheit til å utvikle deg fagleg og bidra til fremtida si helseteneste
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Guro Vik Kvalsund, Seksjonsleiar, (+47) 470 68 121
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4988400670
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 30.06.2028
Søknadsfrist: 06.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Guro Vik Kvalsund
Seksjonsleiar
(+47) 470 68 121
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d7d177b0-bda8-4fea-afbd-82c9e5af3a91
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c94029d775584206b1fbe2f2b58012a3