Hopp til innhold

Sjukepleiar / helsesekretær ved Stryn legekontor - 100% vikariat

Arbeidsgiver

Stryn Kommune

Sted

Setrevegen 4, 6783 Stryn, Tonningsgata 4, 6783 Stryn

Om jobben

Oppstart
1. februar 2027
Stillingstittel
Sjukepleiar / helsesekretær ved Stryn legekontor - 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. desember

Vil du vere med og utvikle framtidas primærhelseteneste i Stryn kommune?

Ved legekontoret har vi ledig eit 100 % vikariat frå medio februar 2027 og ut året. Vi søkjer primært etter ein autorisert sjukepleiar, men dersom det ikkje melder seg kvalifiserte sjukepleiarar, vil autoriserte helsesekretærar med relevant erfaring bli vurderte for stillinga.

Vi ser etter ein engasjert, fagleg trygg og serviceinnstilt medarbeidar som trivst med varierte arbeidsoppgåver, samarbeid på tvers av faggrupper og tett kontakt med pasientar. Du vil bli ein del av eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, utvikling og gode tenester for innbyggjarane våre. Arbeidsoppgåvene er baserte på stillingsomtalen for sjukepleiar ved legekontoret. Ved tilsetting av helsesekretær vil arbeidsoppgåvene bli justerte.


Arbeidsoppgåver

  • Ta imot og følgje opp førespurnadar i ekspedisjon, på telefon og digitalt
  • Pasientoppfølging i samarbeid med fastlegane
  • Laboratoriearbeid, prøvetaking og journalføring
  • Sårstell, injeksjonar og assistering ved undersøkingar, inngrep og akutte situasjonar
  • Delta i legevaktoppdrag ved behov
  • Bidra til kvalitetsutvikling, opplæring og vidareutvikling av tenesta

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsesekretær
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg (minimum nivå B2)
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Erfaring frå legekontor, kommunehelseteneste eller akuttmedisinsk arbeid er ein fordel
  • Kjennskap til pasientadministrative system er ønskjeleg

Vi søkjer primært autorisert sjukepleiar. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte sjukepleiarar, vil autoriserte helsesekretærar med relevant erfaring kunne bli vurderte for stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
  • Fleksibel og omstillingsdyktig
  • Evne til å handtere høgt arbeidstempo
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet

    Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ei variert og spennande stilling i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Tett samarbeid med fastlegar og andre faggrupper
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Tilsetjingsvilkår

  • 100 % vikariat med oppstart etter avtale
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Politiattest må leggjast fram før tiltreding

 

Søknad
Stryn kommune ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Velkomen som søkjar til ein spanande og viktig jobb i Stryn kommune!

 

Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For
tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune.

Kontaktinformasjon

Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 95733547

Arbeidsstad

Setrevegen 4
6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5213504615
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 10.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Mona Helen Kile

Einingsleiar helsetenester

95733547

Om bedriften

Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d77f8a65-709e-45e0-8e68-fd8bba4d00b2

Sist endret

23. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

04f3f9be36404c89bc2a4d0f10d9bf3c

Lignende annonser

Laster lignende annonser