Lærar innan byggfag
OPK-OD - Odda vgs, Vestland fylkeskommune
5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar innan byggfag
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 275 elevar og 55 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Arbeidsoppgåver
Trivst du med å arbeide med ungdom og har utdanning og praksis frå byggebransjen? Skulen har ledig 50% fast undervisningsstilling i bygg- og anleggsteknikk, med gode muligheter for 100% frå skuleåret 2026-27. Har du undervisningskompetanse i andre fag, er det mogleg at stillinga vert utvida til 100% fra starten.
Undervisning på programområdet Bygg- og anleggsteknikk, vg1 og vg2.
Planlegge og gjennomføre opplæring i tråd med læreplanmåla.
Delta i lærarteam og pedagogisk utviklingsarbeid.
Tilretteleggje og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.
Samarbeid med kollegaer og føresette.
Samarbeid med opplæringskontor og verksemder.
Kvalifikasjonar
Fagbrev, eller anna relevant utdanning og erfaring innan byggfag.
Godkjent pedagogisk utdanning.
Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy
Gode ferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg.
Søkjarar utan pedagogisk utdanning kan tilsetjast på vilkår.
Personlege eigenskapar
Engasjert i faget og i utdanning av nye fagarbeidare.Likar å undervisa praktisk og relevant for faga.
Tydeleg klasseleiar, med evne til å skapa gode elevrelasjonar og godt klassemiljø.
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.
Vi tilbyr
Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid.
Nært samarbeid med kollegaer.
Løn etter gjeldande offentleg regulativ.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Geir Veland, rektor , 97143273Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5006726242
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Geir Veland
rektor
97143273
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d77ae161-cf69-4265-aa48-69b34f62b94a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
db55486a741148a69c2427973c898cd6