Sjukepleiar/spesialsjukepleiar 2 x 100 % fast stilling, som sjukepleier i stab
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar 2 x 100 fast stilling, som sjukepleier i stab
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. september
Vil du bli ein viktig del av vårt team som sjukepleiar ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter?
Vi har no ledige 2 x 100 % faste stillingar som sjukepleiar ved BUAS, eit moderne og triveleg omsorgssenter med totalt 60 plassar fordelt på 4 avdelingar. To avdelingar er spesialiserte på demensomsorg, medan to tilbyr heildøgns omsorg og institusjonstenester.
Kva tilbyr vi?
Ei spennande og variert stilling der 60 % av tida er i stab med ansvar for tenester på tvers av alle avdelingar, og 40 % arbeid direkte i avdeling.
Turnus med dag- og kveldsvakter, inkludert langvakter på 12,5 timar, og arbeid kvar 4. helg – helgene og langvaktene er knytt til stabfunksjonen.
Ein arbeidsplass der du kan gjere ein stor forskjell for menneska i lokalsamfunnet, i eit støttande og fagleg sterkt miljø.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
- Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
- Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande
- Stabfunksjonen skal sikre sjukepleiekompetanse til alle pasientane i eininga. Nokre oppgåver vert satt i system, noko kan bli akuttoppdrag.
- Undervisning/opplæring av fagarbeidarar og andre sjukepleiarar
- Kvalitetsarbeid: opplæring og kompetanseheving av assistentar og nytilsette, sikre ajourhald av pasientjournalar, kartleggingar, palliasjon, samtale med pårørande-/pårørandestøtte m.m. Yte tenester der det er behov i dei ulike avdelingane
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
- Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
- Gjerne erfaring frå veileding og kvalitetsutvikling
Personlege eigenskapar
- Brenn for kvalitet og fagleg utvikling
- Har evne til å sjå heilheita, arbeide strukturert og bidra til gode system og rutiner
- Trygg og tydeleg fagperson som kan veilede, motivere og støtte kollega
- Har gode samarbeidsevner og liker å jobbe tverrfagleg
- Kommuniserer tydeleg både munnleg og skriftleg
- Er løysningsorientert, fleksibel og ser moglegheiter og utfordringer
- Tek initiativ og tek ansvar for å følgje opp faglege prosessar og forbetringsarbeid
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Rekrutteringstillegg til nytilsette
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Lillian Urtegård, avdelingsleiar, 95 94 80 39, lillian.urtegard@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 166230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4979741282
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d74b1c4b-1fce-4114-87a5-1b0a21b67346
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6eb3af35af0e4c7ba1d390443571fe95