Hopp til innhold

Lege i utdanningsstilling - fordjuping 

Arbeidsgiver

Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Fordjupingsstilling for LIS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 11. desember

Laboratorieklinikken i Helse Bergen er ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i landet. Laboratorieklinikken har over 900 tilsette og er fordelt på åtte einingar: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Avdeling for patologi, Mikrobiologisk avdeling, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Avdeling for medisinsk genetikk, Kreftgenomikk, Biobank Haukeland og Seksjon for bioinformatikk. Laboratorieklinikken har stor forskingsaktivitet og godt samarbeid med andre sjukehus og universitet. 

Det lysast ut fordjupingsstillingar for LIS for ein periode på to år. Stillingane vil vere delt 50/50 mellom forsking og rutinearbeid innan eit av dei 6 laboratoriefaga (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, medisinsk genetikk, klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi). Både interne og eksterne kandidatar er velkommen til å søke stillingane. For eksterne søkarar blir kandidaten oppfordra til på førehand å ta kontakt med avdelingssjef ved aktuell avdeling der ein ønsker spesialistutdanning for å diskutere aktuelle forskingsprosjekt. For interne søkarar ber vi om at søknad om fordjupingsstilling for LIS forankrast med avdelingssjef.


Arbeidsoppgåver

  • Etablere og iverksette eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Prosjektet skal forankrast i eitt av forskingsmiljøa i Laboratorieklinikken
  • Prosjektet må gjennomførast innan ein av laboratoriespesialitetane, og søkar må angi kva spesialitet/avdeling ein søker stilling ved. Søkar vil høyre til den aktuelle avdelinga i prosjektperioden
  • 50% rutinearbeid som LIS og 50% forsking

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling
  • Ferdigheiter og kunnskap som er nødvendig for å utføre arbeidsoppgåvene
  • Tidlegare publikasjonar og forskingserfaring blir vektlagd
  • Prosjektets kvalitet og relevans for Laboratorieklinikken vert vektlagd
  • Kvalitet på forskingsmiljøet blir vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Interesse for forsking
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til sjølvstendig arbeid og å drive prosjekt framover
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
  • Løn etter gjeldande avtale

Legg ved eventuell publikasjonsliste og ei kortfatta prosjektbeskriving (maks 3 sider).

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linda Sleire, Ass. klinikkleiar, 99246588

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5207700244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Linda Sleire

Ass. klinikkleiar

99246588

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d742a1be-5de9-401c-9056-92e29a5ce78a

Sist endret

20. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2102b2db2b874335a67986f09068960c

Lignende annonser

Laster lignende annonser