Vertskapsansvarleg Aasentunet (vikariat)
Aasentunet
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda
Om jobben
Er du ein initiativrik og serviceinnstilt person? Vil du vere med å leggje til rette for gode kulturopplevingar for eit variert publikum? Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, har ledig vikariat (100 prosent) som vertskapsansvarleg ved Aasentunet i Ørsta frå 1. mars til 31. desember 2026.
- Stillingstittel
- Vertskap
- Oppstart
- 1. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. januar
Send søknad til
Hva vi ser etter
Krav og kvalifikasjonar
Vi søkjer deg med fagbrev i sal, reiseliv eller tilsvarande fagområde og kompetanse. Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for formell kompetanse. Det er ein fordel om du har erfaring med kassasystem, oppgjer, varebestilling og lagerteljing.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
Vertskapsansvarleg i Aasentunet er publikums første møte med museet. Du organiserer kafé- og butikktilbod, gruppebesøk og aktivitetar i museet. I samband med Festspela har du ansvar for frivillige, kafétilbodet og enkelte eksterne samarbeid. Du vil også ha ansvar for marknadsføring ved å oppdatere sosiale medium med arrangement, hendingar og tilbod i kafeen.
Vertskapsansvarleg betener resepsjon, sentralbord, butikk og kafé i opningstidene i vekedagane. Det er høgt tempo i enkelte periodar, og du må kunne jobbe sjølvstendig, samarbeide godt med andre og sjonglere fleire oppgåver samtidig.
Den som blir tilsett må rekne med nokre reiser i tillegg til noko helge- og kveldsarbeid.
Vi tilbyr
Vi tilbyr
Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring. Løn etter avtale.
Kontaktperson for stillingen
Tone Slenes
Museumsleiar, Aasentunet
91518822
Om bedriften
Om Aasentunet
Aasentunet er eit av få språkmuseum i Norden. Her kan barn og vaksne oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Aasentunet er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum.
Stiftinga Nynorsk kultursentrum , musea for nynorsk skriftkultur, forvaltar, formidlar og forskar på nynorsk språk og litteratur. Dette skjer både digitalt, og i form av arrangement og utstillingar i heile landet og ved dei tre musea våre: Vinjesenteret i Vinje, Haugesenteret i Ulvik og Aasentunet i Ørsta.
Om søknaden
Vikariatet er ledig frå 1. mars 2026, men tidlegare oppstart kan bli aktuelt. Kontorstad er i resepsjonen i Aasentunet i Ørsta.
Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 1. januar 2026 til stilling@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d6ee2598-3c0e-4e50-87b9-751727071ac8
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d6ee2598-3c0e-4e50-87b9-751727071ac8
Lignende annonser
Vertskap - Hotellsjef
Arbeidsgiver
Havila Hotel Raftevold
Sted
Hornindal
Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Helse og omsorg, Sande kommune
Sted
Larsnes