Vi søker kundekonsulent
Sunnfjord Miljøverk IKS
Elvetorget, 3. etasje, Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Kundekonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Er du god med folk og glad i finne løysingar? Då har vi plass til deg på kundesenteret vårt
Vi ser etter deg som kommuniserer tydeleg med ein venleg og profesjonell tone. Du som er flink til å forstå kunden sine behov, og du trivst med å finne svar og løyse utfordringar i ein travel kvardag.
Kvifor velje oss?
Kvar dag jobbar vi for å gjere det enklare for kundane våre å bidra til ei meir berekraftig framtid. Då må kundane få god informasjon om korleis dei skal sortere riktig, når og kor dei skal plassere dunkane sine og kva dei sjølv kan gjere for å ta meir berekraftige val både heime, på hytta og på arbeidsplassen.
Kven er du?
- Du likar å snakke med folk på telefon, e-post eller ansikt til ansikt.
- Du har glimt i auga og held humøret oppe, uansett om det er travelt eller roleg på jobb.
- Du ser moglegheiter, og gir deg ikkje før kunden har fått ei god løysing og eit godt svar.
- Du forstår at god kundedialog handlar om å bygge tillit.
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
- Å svare på førespurnadar frå kundar – på telefon, e-post, Facebook eller ansikt til ansikt.
- Sakshandsaming og arkivering
- Oppdatering av nettside
- Oppdatering av rutinar og system
- Anna administrativt arbeid ved behov
Vi er i gong med å etablere eit heilt nytt kundesenter i SUM. Der vil du jobbe tett saman med leiaren av kundesenteret, og to andre kundekonsulentar.
Vi ser etter deg som:
- Kan formulere deg godt – både skriftlegog munnleg
- Har relevant utdanning(t.d. kontorfag, økonomi, administrasjon eller service)
- Er trygg på bruk av digitale verktøy
- Har erfaring frå kundearbeid, sakshandsaming eller liknande roller
- Er strukturert, nøyaktig og god til å prioritere
Hos oss får du:
- Ei variert stilling med mykje kontakt med kundar og kollegaer
- Ein viktig rolle i eit samfunnsnyttig selskap som er i utvikling
- Moglegheit til å bidra til god kundedialog i ei tid med endringar
- Høve til å påverke og forbetre rutinar og arbeidsmåtar
Kontaktperson for stillingen
Frøydis Varlid
Leiar kundesenter
+47 48 21 91 12
Om bedriften
SUM er renovasjonsselskapet til kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Kvar dag jobbar vi for om lag 29 000 innbyggarar og 12 500 abonnentar.
Vi står midt i den grøne omstillinga, og jobbar kvar dag for at ressursar som i dag blir sett på som avfall, kan få nytt liv i morgon. Vår viktigaste oppgåve er å utvikle løysingar som gjer kvardagen enklare for folk, og samstundes bidreg til å ta vare på miljøet. Selskapet er i rask utvikling, og vi har store ambisjonar for framtida.
Vårt viktigaste bodskap er enkelt: små grep gir store resultat. Det nyttar å sortere. Dersom kundane gjer sin del av jobben, skal vi sørge for at avfallet blir handsama rett slik at det kan gå tilbake i kretsløpet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d6ed84c2-71c0-444b-a519-b703a5fe319f
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10263096