Deltidsstilling i brannvesenset
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet, Lom, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brannmann
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 2%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
I Lom og Skjåk brannvesen er det ledig to deltidsstillinger i 2,21 % som brannkonstabel/ røykdykkar, det er ledig ei stilling ved kvar stasjon. Stillingane er ledig frå januar 2026.
Lom og Skjåk brannvesen er eit vertskommunesamarbeid med folkevalt nemnd eigd av kommunane Lom og Skjåk. Skjåk kommune er vertskommune. Brannvesenet er organisert med førebyggande og beredskapsavdeling.
Kvalifikasjonar
-
Søkjarar må bu og ha dagleg arbeid i nærleiken av brannstasjonen. Frammøte på brannstasjonen frå heim/arbeid innan 5 minutt
-
Søkjarar må ha god fysisk form og tilfredstille krav til helseattest og fysisk krav som røykdykkar
-
Vere villig til å ta opplæring som blir kravd for stillinga
-
Krav om framlegging av politiattest (brann- og eksplosjonvernloven § 18)
-
Allsidig bakgrunn og fullført vidaregåande skule
-
Ynskeleg med førarkort klasse C
-
Interesse for å delta i teneste innan brann og redningsarbeid, og gjerne med bakgrunn og erfaring innan slik teneste
-
Fleksibilitet i høve til omstillingar
-
Evne til å arbeide sjølvstendig
-
Gode samarbeidsevner
-
God norskkunnskap
-
Generell forståing for bruk av informasjonsteknologi
Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg kvinner til å søkje.
Kopi av vitnemål og attestar skal vere med til intervju.
Skriv i søknaden om du søkjer på stilling i Lom eller Skjåk.
Vi tilbyr
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
Pensjonsordning i KLP
Nærmare opplysningar ved brannsjef Bjørn Bøye, bjorn.boye@skjaak.kommune.no, mobil 46821863.
Søknadsfrist 26. oktober
-
Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Kommunedirektøren
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d6e2bcb2-2f8e-444d-8651-c474da7f130e
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d6e2bcb2-2f8e-444d-8651-c474da7f130e