Hopp til innhold

Brannmeister - 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Næring - kommunalteknikk, Stranda kommune

Sted

Øyna 13, 6200 Stranda

Om jobben

Stillingstittel
Brannmeister
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 3. september

Stranda kommune og Fjord kommune har etablert eit samarbeid innan brann og redning, og har bygd opp ein organisasjon for leiing av brann- og redningsvesenet, og utføring av lovpålagde oppgåver. Det er totalt om lag 90 tilsette i brann- og redningsvesenet i dei to kommunane.

Det er ledig 100%  fast stilling som brannmeister frå 01.01.2027
Stillinga inneber arbeid i samarbeidskommunane med kontorstad Stranda. 
Som brannmeister er du ein viktig motivator for å oppretthalde og auke sikkerheita til innbyggarane med tanke på brann og ulukkesvern. 
Om du i tillegg er interessert i å vere ein del av kommunane sitt aller viktigaste arbeidsområde, då kan det hende du er den rette person for stillinga.
Den som vert tilsett må delta i overordna vakt (01-vakt) i brannsamarbeidet.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.


Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide, vedlikehalde og kvalitetssikre ROS-analyser, beredskapsanalyser, innsatsplanar, vaktplanar, øvingsplanar m.m. beredskapsplanlegging
  • Gjennomføre internopplæring og øvelsar med brannmannskapet. Her må påreknast ein del overtidsarbeid
  • Planlegging og gjennomføring av øvingar og opplæring med øvrige naudetatar og andre samvirkeaktørar
  • Ansvar for kontroll og vedlikehald av brann- og redningsvesenet sine bygningar og utstyr i samarbeidskommunane
  • Ansvar for materiellanskaffelsar
  • Ansvar for at mannskap gjennomfører helseundersøkingar og fysisk test
  • Ansvar for FDV-system og internkontroll
  • Sørge for at relevante hendingar og øvelsar vert evaluert
  • Gjennomføring av kurs og opplæring av eksterne
  • Andre brannrelaterte arbeidsoppgåver må påreknast
  • Den tilsette må innrette seg etter ei kvar tid gjeldande vaktordning
  • Stillinga kan bli tillagt funksjon som "brannsjefefen sin stedfortreder"

Kvalifikasjonar

  • Inneha sertifikat klasse C og kode 160, eller skaffe seg dette innan 12 mnd.
  • Brannmeister skal oppfylle krav jfr brann- og red­nings­ve­sen­for­skrif­ten § 42 (leder av beredskapsarbeidet)
    og §44 (personell i overordnet vaktberedskap)
  • Gode datakunnskapar,  samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Det er ynskjeleg med kunnskap om vedlikehald av brannmateriell (mekaniker, elektro e.l.)
  • Kjennskap til øvrige samarbeidspartarar 

 

Personlege eigenskapar

  • Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar og kor godt skikka ein er for stillinga
  • Kunne jobbe systematisk og målretta, også i krevjande situasjonar med stort fokus på sikkerheit
  • Engasjert og løysingsorientert
  • Godt humør og gode sosiale eigenskapar
  • Vise engasjement, kreativitet, positivitet og serviceinnstilling

Vi tilbyr

  • Lønn etter Hovedtariffavtalen og særavtalar
  • Tverrfaglig miljø og nettverk
  • Spennende arbeidsoppgåver med gode utviklingsmuligheiter
  • Moglegheit til å påvirke i ei verksemd som bygger på et arbeidsmiljø med kommunene sine verdiar
  • Ein aktiv arbeidskvardag og god kontakt med ulike menneske
  • Moglegheitar til å utvikle din eigen arbeidsplass
  • Del av eit brannførebyggande team

 

Kontaktinformasjon

inge Teigen, Brannsjef, +47 46411033
Ove Inge Skylstad, Einingsleiar, +47 46411032

Arbeidsstad

Øyna 13
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5167781910
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ove Inge Skylstad

Einingsleiar

+47 46411032

inge Teigen

Brannsjef

+47 46411033

Om bedriften

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d6d375ee-37f3-4acc-b6cf-7a0fa739b0b9

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

867b9fec10004479ad77863cec469caf

Lignende annonser

Laster lignende annonser