Kulturskulelærar
Høyanger kommune Høyanger kommune
August Gunnarskogs gate , 6993 Høyanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 25. september
Høyanger Kulturskule har i overkant av 2 årsverk med 4 tilsette og ca. 100 elevar innanfor fagområda musikk og visuelle kunstfag. Skulen har eit godt samarbeid med skulane i Høyanger kommune, fritidskulturlivet og profesjonelle kunstnarar. Kulturskulen har ledig 30 % stilling som kulturskulelærar i visuelle kunstfag, oppmøtestad Høyanger. Stillinga er ledig frå snarast.
Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å delta i vidareutvikling av kulturskulen.
Arbeidsoppgåver:
• Undervisning i små og store grupper innan visuelle kunstfag
• Planlegging og gjennomføring av undervisning og utstillingar
• Prosjekt i samarbeid med øvrig tilsette i kulturskulen
• Utviklingsarbeid i kulturskulen
• Rekruttering av elevar til kulturskulen
Kvalifikasjonar:
• Ønskeleg med høgskuleutdanning innan visuelle kunstfag, med pedagogikk. Søkjarar med liknande utdanningar kan også bli vurdert
• Interesse for visuelle kunstfag
• Ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid
• Må kunne undervise på norsk
• Søkjarar bør ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast
Personlege eigenskapar:
• Gode samarbeidsevner
• Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne
• Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyre til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane
• Fleksibel i høve arbeidsoppgåver
• Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette
Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld. Noko arbeid i helg må påreknast, men dette er unntaksvis.
Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d627f9e9-fa8a-41f8-af8f-790ea7208e3d
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3542647_140387_nn