Økonomikonsulent -- med grønt hjarte 💚
HIGHSOFT AS
Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Økonomikonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Er du ein nøyaktig og løysingsorientert person med gode organisatoriske evner? Har du eit godt auge for detaljar og trivst med varierte arbeidsoppgåver? Då kan dette vere stillinga for deg -- bli vår nye økonomikonsulent.
Hos Highsoft treng vi ein økonomikonsulent som både kan halde styr på fakturaer og rapportar, og samstundes bidra til at kvardagen flyt betre for kollegaer og leiarar. Du blir ein nøkkelperson i å sikre inntekter, struktur og grøn vekst, i eit selskap som kombinerer internasjonal suksess med kaffipausar i Stova og spektakulær utsikt over Sognefjorden.
I denne rolla får du ein sentral plass i maskineriet vårt: Du vil støtte salsteamet og organisasjonen elles med administrative oppgåver, og ha hovudansvar for berekraftsrapportering og oppfølging av vår miljøprofil. Ein god kombinasjon av tal, struktur og samfunnsansvar.
Kva går jobben ut på?Du får ein variert kvardag der «ingen dag er heilt lik» faktisk stemmer. Dine oppgåver blir mellom anna å:
-
Fakturere og følgje opp kundar (og halde orden i vendor portals, for dei som likar litt ekstra krydder i livet)
-
Hjelpe til med månads- og årsavslutning, skatteskjema og alt det som gjer revisoren fornøgd
-
Vere sjefen for Miljøfyrtårn, UN Global Compact og rapportering etter Åpenheitslova -- grøn profil på ekte, altså
-
Ta tak i små og store administrative oppgåver og rutinar -- frå innkjøp av kontorrekvisita til å sørgje for goodies til nytilsette -- og bidra til at vi alltid blir litt betre enn i går.
-
Har gjerne bakgrunn innan økonomi/administrasjon (bonus om du har snust på berekraft òg)
-
Trivst med tal, men veit òg at mange oppgåver løysest best ved å prate med folk
-
Har ein strukturert tilnærming, men toler at det plutseleg dukkar opp ein «kan du berre hjelpe litt med dette?»
-
Kommuniserer godt både på norsk og engelsk
-
Er nysgjerrig og engasjert -- og ser verdien av å gjere kvardagen litt lettare for andre
Du vil jobbe frå hovudkontoret vårt i vakre Vik i Sogn -- omgitt av fjordar, fjell og kreative kollegaer. Me har fokus på både trivsel og kvalitet, og tar dei gode diskusjonane over eit parti dart, ein rusletur i bygda eller ein kopp kaffi i Stova. Her har vi ein flat struktur, høg takhøgd og lågt stressnivå.
Vi er lidenskaplege, litt nerdete (på den gode måten), og stolte av vår internasjonale kundeliste og miljøsatsing. Me deltar i FN Global Compact og er Miljøfyrtårn-sertifiserte, og jobbar aktivt for ei grønare framtid.
Du blir òg ein del av eit lite, men superhyggjeleg team (hei frå Monika og Anne Jorunn 👋) som gler seg til å få deg med på laget.
Og sjølvsagt får du alt dette på kjøpet:
-
🏔 Eit trygt, godt og sosialt arbeidsmiljø
-
🏡 Hybrid- og fleksibel arbeidskvardag -- vi trur på friheit under ansvar
-
🎯 Ein arbeidsplass med ein uformell tone -- dartkampar og fjellturar inkludert
-
🚀 Kort veg frå idé til handling -- her er det låg terskel for å teste og feile
-
📚 Moglegheit for kurs, workshops og vidareutdanning -- vi vil at du skal utvikle deg saman med oss
Klar for å bli med?
Send søknad og CV til [din e-postadresse eller rekrutteringssystem] innan 28. septemberl.
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Anne Jorunn Fjærestad, CFO, på 95 19 19 38 eller anne.jorunn@highsoft.com.
Om bedriften
We’re a company rooted in Vik in Sogn, tucked between towering mountains and deep fjords. Still, we’re the market leader in online data visualization, with over 80 of the world’s largest companies as our customers.
We build Highcharts -- the tool that turns numbers and data into cool, interactive charts that actually make sense. Whether it’s used on stock exchanges, news sites, or the dashboards of global giants, chances are we’re the ones behind the visuals.
The journey started back in 2009, when Torstein wanted to show snow depth on Vikjafjellet on his personal website. Today, Highcharts is used all over the world, and we keep evolving -- with a view of the fjord and a coffee in hand.
We’re a great bunch of around 50 Highsofters from 14 different countries, and in addition to our headquarters in Vik, we also have a presence in the tech hub Media City Bergen & RocketHouse in Sogndal-- right at the heart of innovation and technology on the Norwegian west coast.
At Highsoft, you'll find a flat structure, lots of fresh ideas, and plenty of laughs -- whether it's around the dartboard, on a mountain hike, or over a coffee in “Stova.” We believe in collaboration, quality, and openness -- and that people who thrive build better products.
But we care about more than just technology. Highsoft is Eco-Lighthouse certified, we’re a proud member of the UN Global Compact, and we actively contribute to the UN Sustainable Development Goals.
All our tools are also built with accessibility (A11Y) in mind -- because we believe that everyone, regardless of background or ability, should be able to understand and interact with data.
So yes -- we make some of the world’s most used charting tools, and we do it with heart, brains, and a stunning view.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d61de062-ccaa-4121-b051-6540ece9592e
- Hentet fra
FINN
- Referanse
426196145