Hopp til innhold

Er du sjukepleiar og trivst med høgt tempo og ansvar?

Arbeidsgiver

Akuttmottak og observasjonspost, Stord sjukehus

Sted

Tysevegen 64, 5416 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Då kan akuttmottaket og observasjonsposten på hos oss vere neste stopp for deg.

Her er det høgt tempo, sterkt fagmiljø og tett samarbeid – og ingen dag er heilt lik den førre. Du blir ein del av eit engasjert team som handterer alt frå akutte skadar og infeksjonar til alvorleg sjukdom. Vi lovar deg både utfordringar og meistring – og kollegaer som står saman i dei travlaste stundene.

Arbeidstida er dag, kveld og natt. Hos oss har vi langvaktsturnus heile veka. 

👉 Kjenner du deg litt nysgjerrig no? Klikk på søkeknappen – eller slå på tråden til Anne for ein uformell prat.


Kva går jobben ut på?

  • Ta imot, triagere, observere og følgje opp pasientar med akutte og komplekse behov.
  • Vere ein del av eit sterkt tverrfagleg team, samtidig som du får brukt og utvikla di sjølvstendige kliniske vurderingsevne.
  • Bidra til trygg og kvalitetsmessig god pasientbehandling gjennom raske faglege vurderingar og tett pasientoppfølging.
  • Rettleie og støtte sjukepleiarstudentar i praksis.
  • Delta i fagutvikling og bidra til vidare utvikling av tenestene våre.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. 
  • Må ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta.
  • Ønskeleg med erfaring frå akuttmottak.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • tek ansvar, er til å stole på og spør når du lurer på noko
  • er trygg i pasientkontakt, og viser respekt og medkjensle
  • trivst i eit miljø med tempo, og tek gjerne tak der det trengst
  • jobbar strukturert og målretta, og deler kunnskap med andre
  • er ein lagspelar som bidreg til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø
  • held hovudet kaldt når det hastar, og har eit fagleg blikk for situasjonen

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du

  • bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og tett samarbeid
  • opplæring og støtte til å kjenne deg trygg i rolla
  • bli del av eit godt arbeidsmiljø med rom for både utvikling og humor
  • jobbe i ei avdeling der du verkeleg merkar at du gjer ein forskjell


🌟 Kjenner du at dette kan passe for deg? Då håpar vi du søkjer.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne Møklebust, Funksjonsleiar, +47 97574977

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5166720779
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Anne Møklebust

Funksjonsleiar

+47 97574977

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d5cd3b61-a646-4f86-bc4f-e7b6dadde8f9

Sist endret

19. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6dd6465c778c4df884dc274b6726439b

Lignende annonser

Laster lignende annonser