Jordmor
Føde og barsel Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 1, 6026 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
 - Jordmor
 - Oppstart
 - 1. september 2025
 - Type ansettelse
 - Vikariat, heltid 100%
 - Arbeidsspråk
 - Norsk
 - Antall stillinger
 - 5
 - Arbeidssted
 - Hjemmekontor ikke mulig
 
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Opplev ein meiningsfull karriere som jordmor!
Har du lyst på ein spennande, givande og fagleg utviklande jobb? 
Vi har ledige vikariat i 75% -100% stilling for jordmor frå snarast tom 23.08.26 
Seksjon føde/barsel i Ålesund har om lag 1200 fødslar i året. Vi tilbyr eit dynamisk arbeidsmiljø med fokus på både normalfødsel og spesialisert fødselshjelp. Hos oss arbeider vi i team og har høg fagleg standard, tett samarbeid og kontinuerleg utvikling som mål. Vi legg stor vekt på å skape ei trygg og omsorgsfull oppleving for pasientane gjennom heile svangerskaps-, fødsels- og barselperioden.
Vi har eit godt arbeidsmiljø og ønskjer deg hjarteleg velkomen som søkjar til ein meiningsfull og variert arbeidskvardag!
Følg oss gjerne på Instagram; fodeavdelingen_alesund_hmr.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.  
Arbeidsoppgåver
- Du vil rullere mellom føde- og barselseksjonen
 - Fødeseksjonen har fire fødestover, der to er tilrettelagd for vassfødsel
 - Du bidreg i drift og pasientoppfølging på våre 23 sengeplassar, inkludert observasjonssenger for sjuke gravide
 
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som jordmor
 - Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
 - Interesse for eller erfaring frå føde-/barselavdeling
 - Trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
 - Fagleg engasjert og ønskjer å bidra til vidare utvikling av seksjonen
 - Gode samarbeidsevner og eit sterkt pasientfokus
 
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter dyktige, pasientorienterte, initiativrike jordmødre som har interesse for alle arbeidsoppgåver innan jordmorfaget, og som kan vere med å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelinga.
 - Du er motivert for fagleg utvikling
 - Du er inkluderande og løysingsorientert
 - Du har stor arbeidskapasitet
 - Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig
 - Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
 
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit trivelig arbeidsmiljø med fokus på støtte, samarbeid og god psykologisk tryggleik
 - Sterkt tverrfagleg samarbeid
 - Ein inkluderande arbeidsplass
 - Løn etter gjeldande overeinskomstar
 - Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
 - Varierte arbeidsoppgåver i ein spennende og dynamisk hverdag
 - Kollegastøtte og mentorordning for nyansatte
 - Årlige fosterovervåkningskurs, akutt obstetrikk treningsdag, ammeseminar og regelmessig simuleringstrening for alle ansatte i turnus
 
ÅlesundByen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Martha Kvasnes Molvær, Seksjonsleiar, Martha.K.Molver@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 16026 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4993882910
Stillingsprosent: 75, 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
 d5c87803-915e-4373-af1f-fbbb19598496
- Sist endret
 14. oktober 2025
- Hentet fra
 talentech
- Referanse
 d91358323fbb43f39123b070bc200680
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Tenesteområde lege, fysio, ergo og helsestasjon
Sted
Brattvåg
Arbeidsgiver
AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Øyeblikkeleg hjelp døgnavdeling (ØHD)
Sted
Ålesund