ID 2374 Helsefagarbeidar natt i omsorgsteam - Eining for habilitering
Stord kommune
5417 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Eining for habilitering treng ein ny kollega med helsefagleg utdanning i eitt av omsorgsteama våre og ser etter deg som likar å arbeide på natt, er motivert, har brukarfokus og er trygg i arbeidet ditt.
Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. Denne stillinga er på natt, der arbeidsoppgåver omfattar medisinsk oppfølging, pleie og omsorg.
**Det er ledig 80 % fast stilling for autorisert helsefagarbeidar på natt, frå 01.11.25.**Avdelinga har årsturnus, og ledig stilling har arbeid i snitt kvar tredje helg.
Det er mogleg å få større stilling gjennom kveldsvakter eller nattevakter i Eining for habilitering sin ressursstab. Dette inneber vakter i andre avdelingar, og vert fordelt etter behov.
Arbeids- og ansvarsområde:-
Bistå brukar, gjennomføre tiltak, ivareta funksjonar
-
Bruke kommunikasjonsverktøy
-
Legemiddelhandtering
-
Dokumentasjon gjennom fagsystem
-
Autorisert helsefagarbeidar. Assistentar eller barne- og ungdomsarbeidarar med relevant erfaring kan og bli vurdert til stillinga.
-
Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Elisabeth Litlehamar, tlf 924 25 522 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d5c049eb-b70c-4c8f-b7b3-a5df5b4b7c89
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d5c049eb-b70c-4c8f-b7b3-a5df5b4b7c89
Lignende annonser
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Sjukepleiar, spesialajukepleiar
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
sjukepleiar, sykepleier, spesialsjukepleiar, spesialsykepleier
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord