Universitetslektor i pediatri
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Universitetslektor i pediatri
Type ansettelse
Åremål, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. oktober
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor (20 % ekstraerverv)
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig åremålsstilling som universitetslektor (20 % ekstraerverv «bistilling») i medisin (pediatri) for ein periode på to (2) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) som overlege i pediatri ved Haugesund sjukehus. Arbeidsstad er ved Helse Fonna HF, Haugesund sjukehus.
Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå undervisning.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneheld oppgåver innan
- undervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til praksisgjennomføring og undervisning i pediatri
- generell undervisning og undervisning i høve til dei andre studieprogramma ved fakultetet/instituttet kan verte pålagt
- administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer
Den som vert tilsett, vert del av undervisningsgruppa for pediatri, og vil få delansvar for utforming av undervisning i pediatri for medisinstudentar frå Universitetet i Bergen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha norsk cand.med.-grad eller tilsvarande kompetanse
- Søkjar må ha spesialistutdanning i pediatri
- Det er eit ynskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
- Det er eit ynskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
- Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn er for tida kr 630 000 – 680 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- CV
- Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
- Fullstendig publikasjonsliste
- Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til undervisningsleder K2, Camilla Tøndel, camilla.tondel@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d5906080-c120-4b90-9e4e-529099b60212
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265275