Teamarkitekt
Digitaliseringsdirektoratet
Havnegata 48, 8900 Brønnøysund, Lørenfaret 1C, 0580 Oslo, Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
Om jobben
Stillingstittel
Teamarkitekt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 29. oktober
Om stillinga
Innbyggarane i Noreg må forholde seg til mange ulike offentlege nettsider som ikkje heng saman på tvers. Det gjer brukeropplevinga rotete. Mange må ha hjelp til å finne informasjon og bruke digitale tenester. Vi skal utforske korleis vi kan gi heilskapeleg informasjon til innbyggarar på tvers av offentlege etatar. Det skal vi gjere ved å teste ulike konsept i ein betaversjon av ei ny innbyggerløysing. Vi skal bruke kunstig intelligens der vi ser det løyser reelle brukarbehov.
Du kan spele ei nøkkelrolle i dette arbeidet. Vi søker ein arkitekt for Team Portal som vil ta teknisk leiing for det tverrfaglege teamet som jobbar med dette. Vi ser etter deg som brenn for å omsette komplekse behov til robuste, skalerbare og brukarvennlege frontend-løysningar – og som evnar å være den tekniske leiinga i eit sterkt, tverrfagleg team. Team portal har også ansvar for informasjonsportalen altinn.no og norge.no.
Som teamarkitekt vil du jobbe tett med produkteigarar, utviklarar og design lead i teamet og andre team. I tillegg skal teamet samarbeide tett med Designsystemet, KI Norge og andre offentlege aktørar.
Vi jobbar primært med frontend, og testar akkurat no bruk av Astro og React saman med ulike headless CMS. Det er difor viktig at du har solid kompetanse på moderne webteknologiar og kan sjå korleis tekniske valg påvirkar både ytelse, vedlikehaldbarheit og brukaroppleving. Det vil være ein fordel om du har erfaring med bruk av kunstig intelligens både for å forbetre brukeropplevinga og for å effektivisere arbeid med innhald.
Arbeidsoppgåver
- Vere teknisk leiar og arkitekt i teamet, med ansvar for teknisk retning og beslutningar om frontend/backend/API.
- Delta i utforskande arbeid i betaversjon av ny innbyggarløysing.
- Utforske korleis vi kan bruke KI til å løyse brukarbehov.
- Delta i prioritering av backlog saman med produkteigar og design lead, og oversette tekniske mogligheiter og begrensningar til produktleiinga.
- Arbeide tett med andre arkitektar i Digdir for å sikre heilskaplege løysingar.
- Følge opp tekniske behov og koordinere leveransar på tvers av team og prosjekt.
- Halde oversikt over funksjonelle krav og sikre at desse løysast på ein solid, effektiv og brukarvennlag måte.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:- har Bachelor- eller mastergrad innan programmering eller systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- har erfaring som frontend-arkitekt eller tech lead, med ansvar for tekniske beslutningar i komplekse og skalerbare løysingar.
- erfaring med ei eller fleire headless publiseringsløysingar
- har erfaring med moderne webteknologiear som React, ulike meta-frameworks, og Node/Deno.
- har erfaring med søk og KI-løysingar, f.eks. bruk av RAG i portaler og bruk av KI for å effektivisere arbeid med innhald.
- trivst i rolla som teknisk oversettar og brubyggar mellom fagområder.
- kan vise til erfaring med å jobbe utforskande i autonome, tverrfagliege team, og samarbeid på tvers av team.
- er løysingsorientert og ønsker å skape gode løysningar saman med andre.
- kan kommunisere godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
- har vilje og evne til å lære, dele kunnskap og erfaring.
- ønsker å forstå det større bildet og bidra til faglege diskusjoner.
- trivst med å jobbe utforskande og hypotesedriven.
- gode samarbeidsevner, og evne til å dele dine meiningar på ein konstruktiv måte - og til å lytte til andres.
- ønsker å skape verdi for samfunnet.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
- familievennleg personalpolitikk
- lønn som seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 700 000 – kr 1 000 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn
- fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening ukentlig i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Roberto Carrera
E-post: roberto.andres.carrera@digdir.no
Telefon: +47 98606960
Seniorrådgiver Hanne Christine Hofsæth Fredheim
E-post: hanne.hofsath.fredheim@digdir.no
Telefon: +47 47799818
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 400 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d5038f28-5da2-4199-ad6e-92548354e795
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266505