Hopp til innhold

Sund ungdomsskule

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sund ungdomsskule

Sted

Tveitane 5, 5379 Steinsland

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 23. april

Om Sund ungdomsskule - med røter i fjæra og retning mot framtida

Sund ungdomsskule er ein offentleg grunnskule som ligg sør i Øygarden kommune, i den delen  som fram til 2020 var Sund kommune. Til hausten blir vi rundt 350 elevar fordelt på 15 klassar, og vi er rundt 50 tilsette. Elevane som går på Sund ungdomsskule kjem frå barneskulene Stranda, Spildepollen og Skogsvåg. Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar, som er ansvarlege for kvart sitt trinn.

Hos oss på Sund ungdomsskule får du vera med på å gjera ein forskjell. Du får vera med å skapa eit godt miljø for elevane og bidra til at dei får ein triveleg skulekvardag. I leiargruppa får du ta del i utviklingsarbeidet «Vår tids skule» knytt til visjonen vår “Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida”. Skulen er opptatt av karakterbygging og identitet. Dette passar godt inn i arbeidet med den nye læreplanen, som skal vera eit verdiløft for skulen: Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag,- den skal både danna og utdanna. Vi jobbar for meir elevmedverknad og for ei meir praktisk og variert undervisning for elevane våre, der tverrfaglegheit og tid til å gå i djupna på dei ulike emna blir viktig. Vil du vera med å skapa retning mot framtida?

Vi som arbeider her, trivst i kvarandre sitt selskap og finn på kjekke ting saman, både i og utanfor arbeidstida. Kollegiet ved skulen er godt kvalifisert og har høg kompetanse. Det å delta i eit profesjonelt læringsfellesskap der ein utvekslar gode idear og tankar saman med dyktige folk, bidrar til både godt lærings- og arbeidsmiljø.

For oss er det viktig at alle skal ha ei god oppleving av skuletida si, og at dei tre åra hos oss skal bli til gode minne. Vi er ein Mot-skule, og vi nyttar både MOT sitt grunnprogram "Robust 12-16" og MOT sitt påbyggingsprogram "Skolen som samfunnsbygger".

 Arbeidsoppgåver:

Vera del av skulen og kommunen sine leiarteam.

Pedagogisk leiing og bidra til gode læringsprosessar i organisasjonen.

Leggja til rette for pedagogisk utviklingsarbeid og delta i eit lærande fellesskap.

Samarbeida med andre tenester og deltaking i skulen sitt tverrfaglege samarbeid.

Følgja opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling.

Dialog med føresette.

Administrative oppgåver.

Personaloppfølging.

Delar av stillinga er undervisning.

KvalifikasjonarMå ha:
  • Undervisningskompetanse frå grunnskule.
  • Erfaring frå utviklingsarbeid.
  • Pedagogisk kompetanse.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer ein avdelingsleiar som:

  • Ser på dei tilsette som ressursar.
  • Kan leia utviklingsarbeid.
  • Orienterer seg i pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Er ein god relasjonsbyggar.
  • Tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen.
  • Har gode evner til å samarbeida, lytta, rettleia og inspirera.
  • Er ein motiverande og inspirerande leiar.
  • Har gode digitale kunnskapar og kan vera med på å utvikla skulen sitt digitale arbeid.
  • Er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig.
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • IA-bedrift.
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
  • Interessante utfordringar.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
Vikariat frå 01.08.2026 til 04.06.2027

 

Kontakt:

Rektor - Anne Hufthammer tlf: 90984271 E-post: anne.hufthammer@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA- verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter søknadsfrist, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan vurderast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar etter regelverk, dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom ynskje ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Hufthammer

90984271

anne.hufthammer@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d4917e27-965a-4faa-aef7-6ae4432b0360

Sist endret

9. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3615621_192659_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser