Hopp til innhold

Kantinemedarbeidar

Arbeidsgiver

Måløy vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune

Sted

Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen

Om jobben

Oppstart
1. november 2026
Stillingstittel
Kantinemedarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 12. oktober

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknologi- og industrifag, og TAF/YSK (yrkes- og studiekompetanse).  Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.

Kantina ved Måløy vidaregåande skule er ein viktig del av det sosiale livet i skulen. Det er ein viktig møteplass for elevane der dei kan kjøpe mat, ete, vere sosiale, gjere skulearbeid eller berre slappe av. Tilsette i kantina og det å jobbe i kantina er difor eit viktig bidrag i skulen sitt miljøarbeid.


Måløy vidaregåande skule har ledig 40% stilling i kantina frå 1. november-26.

 

Arbeidsoppgåver

Tilberede mat, servering, sal av mat (kasse), i tillegg til andre tilhøyrande oppgåver i kantina som til dømes dagleg reinhald av kjøkkenet. Ta del  i skulen sitt miljøarbeid.

Kvalifikasjonar

Det er ønskelig med relevant fagbrev, men ikkje eit krav. Erfaring frå kafe og kantinearbeid er ein fordel. Interesse for ungdom og å arbeide med ungdom er viktig for å gå inn i stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Godt humør, ansvarleg og med god gjennomføringsevne
  • Sjølvstendig, løysingsorientert og god til å samarbeide
  • Interesse for å jobbe med ungdom - relasjonsorientert
 

Vi tilbyr

Løn i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.


Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Kontaktinformasjon

Anita Olaug Otneim Hoddevik, avdelingsleiar, 99704572, anita.olaug.otneim.hoddevik@vlfk.no

Arbeidsstad

Nordfjordvegen 9111
6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5188908898
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 12.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Anita Olaug Otneim Hoddevik

avdelingsleiar

99704572

anita.olaug.otneim.hoddevik@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d47f8fb1-dcbe-4351-a6da-5068acf98c81

Sist endret

2. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

504e86d481da4f1d9cf5a8ceb89ab2b8

Lignende annonser

Laster lignende annonser