LÆRAR - inntil 200% fast stilling
Åmot skule, Vinje kommune
Raulandsvegen 58, 3890 Vinje
Om jobben
Stillingstittel
LÆRAR - inntil 200% fast stilling
Oppstart
22. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. november
Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar.
Me søkjer engasjerte og dyktige lærarar til faste stillingar frå snarast. Me ser etter deg som brenn for god undervisning, trivsel og utvikling – og som vil vere med og skape ein skule der både elevar og tilsette kjenner seg sett, støtta og inspirerte. Åmot skule er ein inkluderande 1.–10.-skule med høge ambisjonar for både fagleg og sosial utvikling. Me har eit sterkt fagmiljø, godt samarbeid i personalet og eit aktivt skulemiljø med fokus på livsmeistring og praktisk læring.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju fortløpande ettersom søknadane kjem inn til oss. Velkomen som søkjar.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplan og lovverk
- Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane, med god autoritativ klasseleiing
- Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne
- Delta i, og bidra til profesjonelle lærande fellesskap ved skulen
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Kontaktlærarfunksjon kan vera aktuelt
- Eventuelle andre funksjonar ved skulen avtalast nærare etter kva kompetanse søkjarane har
Kvalifikasjonar
- Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar og vaksne
- Du har eit positivt elev- og menneskesyn
- Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar
- Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
- Du er god til å handtere reglar, uro og åtferdsutfordringar
- Du likar å vera aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik
- Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
- Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
- Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
- Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane
- Du likar å lære nye oppgåver
Personlege eigenskapar
- Me ynskjer deg som har godkjent undervisningskompetanse til å undervise i grunnskulen, jf. opplæringslova
- Fagynskje: matematikk, norsk, tysk, naturfag og kunst og handverk. Andre fag er også aktuelt
- Interesse og kunnskap for pedagogisk bruk av IKT og aktiv bruk av læringsplattform
- Erfaring frå undervisning i grunnskulen i Noreg er ein fordel
- Gode norskdugleikar, både skriftleg og munnleg
- Utdanning frå utlandet krev NOKUT-godkjenning
- Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Me tilbyr
- Ein skule som har eit godt arbeidsmiljø, høg kompetanse og stort engasjement
- Gode løn-, forsikrings- og pensjonsordningar
- Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Tilsetting er betinga av godkjend politiattest
Kontaktinformasjon
Rune Sudbø Tveito, Verksemdsleiar, 40915955, rune.tveito@vinje.kommune.noArbeidsstad
Raulandsvegen 583890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5032019851
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 22.10.2025
Søknadsfrist: 05.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d44dd43c-ddf9-406f-87f0-2c47baba8dd7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
921df1c0fbd2497fb207ea56c66fd9e2
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Åmot skule, Vinje kommune
Sted
Vinje
Fastlege- 100% fast
Arbeidsgiver
Legekontor/legevakt, Vinje kommune
Sted
Vinje
Tilkallingsvikar
Arbeidsgiver
Øyfjell oppvekstsenter, Vinje kommune
Sted
Vinje