Drosjesjåfør - 07000 Bømlo
Ovesen Transport As
Hollundsdalen 8, 5430 Bremnes, Bømlo, Vestland
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Drosjesjåfør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, kveld og natt, alle dager
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Alternativt kan du sende søknad via e-post til bjorn@ovesentransport.no
ME SØKER SJÅFØRAR PÅ BØMLO!
07000 Bømlo er i sterk vekst, og me treng fleire dyktige sjåførar på laget!Me har ein aukande oppdragsmengde og utfører majoriteten av den offentleg kontraktfesta køyringa i kommunen, mellom anna pasienttransport og skulekøyring. Dette gjer at me stadig utvidar verksemda og har behov for fleire serviceinnstilte, ansvarsfulle og engasjerte drosjesjåførar som forstår kor viktig det er å levere trygg og profesjonell transport til alle passasjerar.
Å vere sjåfør i 07000 Bømlo handlar om mykje meir enn å frakte kundar frå A til B. Me legg stor vekt på personleg service og ønskjer å gi kundane våre ei trygg, positiv og god oppleving kvar gong dei reiser med oss.Arbeidsoppgåvene er varierte og handlar om å vere til stades for menneska me møter i kvardagen. Det kan vere å hjelpe til med bagasje og varer, bistå med handling i butikk og yte den ekstra servicen som gjer ein forskjell i kvardagen til folk. Du skal også vere ein trygg og omsorgsfull vaksenperson for skuleelevar på veg til eller frå skulen -- ei viktig rolle i å sikre dei ein trygg og god reiseveg.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som:
-
Har ei positiv innstilling og eit godt serviceinstinkt.
-
Er ansvarsfull, påliteleg og møter kundane med respekt og høflegheit.
-
Har ein mjuk, behageleg og trafikksikker køyrestil.
-
Er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag.
-
Forstår at du som sjåfør er ansiktet utad for både 07000 Bømlo og bileigaren.
Me er opptekne av korleis verksemda vår blir oppfatta av lokalbefolkninga, kundane våre og publikum. Derfor er det viktig at du tek rolla som sjåfør på alvor og ønskjer å bidra til eit godt omdømme.
Kva kan me tilby?
Me ønskjer fleire dyktige medarbeidarar og har behov for:
-
Fleire faste stillingar, gjerne i 100 % stilling.
-
Tilkallingsvikarar.
-
Helgesjåførar.
-
Sjåførar med minibusskompetanse og YSK.
Kvalifikasjonar
For å køyre drosje må du ha:
-
Førarkort minimum klasse B i dei to siste sammenhengande åra.
-
Køyresetel for persontransport.
Manglar du køyresetel, kan me hjelpe deg med søknadsprosessen og førebuing til den teoretiske prøva.
Vil du bli ein del av laget vårt?
Tilsetjing skjer fortløpande, så ikkje vent for lenge med å ta kontakt!
Me oppmodar spesielt kvinner til å søkje.
Kjenner du nokon som kunne passa hos oss? Tips dei gjerne om stillinga!
Interessert eller har spørsmål? Ta gjerne ein uforpliktande prat med dagleg leiar:Bjørn Erik Ovesen
Telefon: 469 31 000
E-post: bjorn@ovesentransport.no
Me gler oss til å høyre frå deg!Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om Ovesen Transport AS og 07000 Bømlo
Ovesen Transport AS er eit familieeigd transportselskap på Bømlo, etablert i 2017. Etter fleire år med lastebiltransport i inn- og utland starta me drosjeverksemd under namnet 07000 Bømlo i juli 2021. Ved årsskiftet 2022/2023 vart persontransport hovudverksemda, med drosje og minibuss som sentrale satsingsområde.
I dag disponerer me 12 løyve, der 10 er aktive. Med lokal forankring, eigarskap og dagleg drift på Bømlo, kjenner me lokalsamfunnet og behova til dei som bur her.
Me er ein del av 07000 Sunnhordland Taxi, eit fellesskap med over 35 løyve i regionen. Dette gir oss styrken til ein større organisasjon, kombinert med fordelane ved å vere ein lokalt forankra aktør.
Me ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass med gode vilkår og eit godt arbeidsmiljø. Kvalitet, service og trygg transport står sentralt i alt me gjer, og me stiller høge krav til både sjåførar og tenestene me leverer.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d41fb8cc-0c2d-4891-be34-e7b0f251cbc9
- Sist endret
5. november 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d41fb8cc-0c2d-4891-be34-e7b0f251cbc9