Sal - og marknadssjef
Tussa
Fløvegen 170, 6065 Ulsteinvik, Indrehovdevegen 67, 6160 Hovdebygda, Mjølstadnesvegen 4, 6090 Fosnavåg, Tonningsgata 27, 6783 Stryn, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Sal og marknadssjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Tussa Installasjon
Tussa Installasjon er ein av dei leiande elektroentreprenørane i regionen, med over 75 års erfaring i bransjen. Selskapet tilbyr eit breitt spekter av elektrotekniske tenester for både privatkundar og næringsliv. Med avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn, er vi tett på kundane våre og har eit sterkt lokalt fotfeste.
Tussa Installasjon har over 120 medarbeidarar, som til saman utgjer ein sterk fagleg organisasjon. Vi har bygd opp solid kompetanse og lokalkunnskap gjennom fleire tiår, og arbeider målretta for å levere framtidsretta og miljøvennlege løysingar.
Vi tilbyr tenester innan dei fleste elektrofaglege disiplinane – inkludert sterkstraum, svakstraum, automasjon, tele og data. Faget vårt er i stadig utvikling, og vi legg stor vekt på kontinuerleg fagleg oppdatering for å møte krava både i dag og i framtida.
. Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=r8ozs1k3Rw5QJ7P1Sal - og marknadssjef
Er du ein forretningsorientert og handlekraftig salsleiar?Tussa Installasjon er i vekst og søkjer ein målretta og relasjonsbyggjande sal- og marknadssjef, som får det overordna ansvaret for sals- og marknadsarbeidet innan produktområda installasjon, fornybar energi, maritim og marin installasjon, automasjon, tavlebygging og tenester retta mot kraftbransjen.
Om stillinga:
Stillinga vert ein del av leiargruppa i Tussa Installasjon og rapporterer til adm. direktør. Du får ei operativ rolle med ansvar for tilbod og marknadsarbeid, og vere i tett dialog med både nye og eksisterande kundar.
Du vil samarbeide tett med avdeligsleiarar og produktspesialistar for å sikre samordna og effektive leveransar.
Vi ser etter ein forretningsorientert og relasjonssterk leiar med kombinasjon av teknisk og kommersiell kompetanse. Du evnar å planleggje, leie og gjennomføre salsprosessar, og trivst med ein variert kvardag der du bidreg til å styrke marknadsposisjonen vår. Du vil få ei sentral rolle i å sikre at Tussa Installasjon held fram som ein føretrekt leverandør av miljøvennlege elektroløysingar, der ulike teknologiar og fagområde vert sett saman på ein berekraftig måte. Som ein viktig bidragsytar i eit selskap med spennande kundar og høg trivsel blant medarbeidarane, vil du få moglegheit til å påverke utviklinga vidare.
Vi tilbyr:- Ei sentral rolle i eit framtidsretta selskap i sterk vekst
- Høve til å påvirke utviklinga av selskapet si framtid
- Solid fagmiljø med høg kompetanse og erfarne kollegaer
- Gode utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg
- Utfordrande og varierte arbeidsdagar
- Konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidsdag
Sentrale arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
- Sikre måloppnåing i tråd med gjeldande budsjett og selskapsmål innan valde segment
- Vedlikehalde og vidareutvikle ein effektiv salsprosess
- Følgje opp kundar, tilbod og anbod
- Etablere og styrke kundekontakt gjennom oppsøkjande sal og tett oppfølging
- Planleggje og delta på messer og seminar
- Bidra til å utvikle salsstrategiar og aktivitetsplanar i samarbeid med leiinga
- Rettleie kundar i val av produkt og systemløysingar
- Gjennomføre kontraktsgjennomgang og evalueringar
- Rapportere salsarbeid, inkludert prospekt og oversikt over anbod
Kvalifikasjonar:
- Erfaring frå B2B-sal
- Strukturert og resultatorientert med sterk gjennomføringsevne
- Gode kommunikasjons- og forhandlingsevner
- Initiativrik, sjølvstendig og løysingsorientert
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Tussa har nynorsk som forretningsspråk
- Førarkort klasse B
- Kjennskap til automasjon, elektro eller andre relevante fagområde er ein fordel
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Tussa er eit leiande energi- og teknologikonsern på Nordvestlandet. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar fibernett, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. Om lag 300 medarbeidarar jobbar i Tussa.
Hovudkontoret vårt er i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d41063cb-bca6-42f7-8375-52e525558ef5
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10255344