Jobb som personleg assistent for mann 35 år!
Prima Assistanse avdeling Vestland
5610 Øystese, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
BPA assistent
Type ansettelse
Annet, deltid 20 og oppover%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Eg er ein mann på 35 år som har eit sterkt ynskje om å leva eit aktivt liv, og for å få til det treng eg stødige assistentar med eit godt hovud. Sjølv jobbar eg fullt, trenar, er sosial, nyt båtliv på godvêrsdagar, set pris på god mat, musikk og bøker, har diverse frivillige verv, huseigar og har forpliktingar der etter, glad i tur og reiser, med meir. Orsaka til at eg treng assistentar at eg sit i rullestol, etter ei ulukke då eg var 16 år.
Hjå ein assistent søker eg etter personar som:- Er stabile og til å stola på
- Er tolmodige og lærevillige
- Kommuniserer godt og er stødige i norsk
- Har ordenssans og er observante
- Er allsidige
Arbeidsoppgåver, eksempel:- Matlaging, handel, tilrettelegging for kvardagen min, sosiale tilstellingar, med meir
- Kvardagslege oppgåver eg ikkje klarar sjølv
- Vedlikehald av hus, rullestol, bil, båt, hjelpemiddel
- Trening
- Reiser innanlands etter avtale – opplæring blir gitt.
Eg og assistentordninga tilbyr:- Ein jobb litt utanom det vanlege
- Moglegheita til å jobba tett med meg
- Opplæring der det trengs
- Ein løysingsorientert arbeidsleiar
Arbeidstid: Ettermiddag, kveld og helg. Reiser etter avtale.Stillingsprosent: 20% og oppoverTiltreding: snarlegJobben krev ikkje at du har utdanning eller bilsertifikat, men det tel positivt. Har du arbeids- og livserfaring, så kjem det godt med og skriv gjerne det inn i søknad. Om du ikkje har ein fin CV klar, så set eg pris på ein god søknad der du beskriv deg sjølv; generell informasjon, interesser, kva du ser etter i ein jobb og andre ting som kan vera av interesse. Og ikkje minst kvifor dette kan vera jobben for deg. Eventuell utdanning og arbeidserfaring bør skrivast inn i søknad.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d3993600-329c-4a72-a80a-3b166b22b92e
- Hentet fra
vilect
- Referanse
80cc1e65-38d0-4f91-ae68-9534f0adac79