Hopp til innhold

Sjåfør klasse B

Arbeidsgiver

Opro AS

Sted

Hodlebrautsvegen 1, 5281 Valestrandsfossen

Om jobben

Vi søkjer sjåfør til varebil klasse B for køyring Osterøy og Bergen.

Oppstart
1. november 2026
Stillingstittel
Sjåfør klasse B (personbil)
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest lørdag 31. oktober

Send søknad til

post@oproas.no

Hva vi ser etter

Personen vi ser etter må vere effektiv, serviceinnstilt, ha god fysisk helse og vere omsorgsfull. Personen må handtere uforutsette ting, både med kundar, trafikk og bil, og vere sjølvstendig.

Sjåføren har sidemann med seg som har tilrettelagte behov og det er viktig at sjåføren har tolmod, er inkluderande og viser tryggleik. Vi ser etter ein sjåfør som er tru med våre verdiar; respekt, utvikling og meistring. Det er også derfor personen må kunne snakke og forstå godt norsk.

Den som vert tilsett vert ein del av personalgruppa som har ansvar for tilrettelegging og planlegging av drift.

Fordi vi er ei arbeidsinkluderingsbedrift må vedkommande levere politiattest.

Arbeidsoppgaver

Vi har oppretta ei stilling som sjåfør på vaskeriet og frukten. Vi har kombinert desse to avdelingane for at vi skal kunne tilby ei full stilling.

Arbeidsoppgåvene på frukten er levering av jobbfruktkorger til bedrifter og skulefrukt til skular. Arbeidsområdet er Osterøy og Bergen.

På vaskeriet er oppgåva å levere og hente varer. Det er mattebytter, trilling av vogner og bæring av sekkar. Køyringa er til bedriftskundar på Osterøy og rutene er faste.

På begge rutene har sjåføren med seg sidemann som er knytt til tiltaket Varig tilrettelagt arbeid.

Stillinga er eit engasjement med kontrakt eitt år om gongen. Stillinga er knytt til NAV sitt arbeidsmarknadstiltak VTA- Varig tilrettelagt arbeid og dersom vi får søkjarar med dei rette kvalifikasjonane opphøyrer engasjementet.

Vi tilbyr

  • Arbeidstid på dagtid

  • Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Gode pensjonsordningar

  • Lønn etter avtale

  • Bedriftstrening

Kontaktperson for stillingen

Torill Magnussen

Dagleg leiar

98217995

torill.magnussen@oproas.no

Om bedriften

Opro AS er ei arbeidsinkluderingsbedrift lokalisert på Hauge industriområde på Osterøy. Bedrifta tilrettelegg arbeidsplassar for uføretrygda og har avdelingar som vaskeri, frukt og ei pakke- og monteringsavdeling. I tilegg driftar vi kommunen sitt dagsentertilbod for utviklingshemma.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d2b16e39-642b-4a81-a57f-4a43f73f631f

Sist endret

16. oktober 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

d2b16e39-642b-4a81-a57f-4a43f73f631f

Lignende annonser

Laster lignende annonser