Hopp til innhold

Bioingeniør, bioingeniørstudent  

Arbeidsgiver

Laboratorieavdelingane i Førde, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Oppstart
1. juni 2027
Stillingstittel
Ferievikar laboratorie
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
8

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. januar

Laboratorieavdelingane ved Førde sentralsjukehus søkjer vikarar til sommarferien 2027.

Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer ein spennande sommarjobb i laboratorietenesta.

Praktisk informasjon
Ferievikariat gjeld for perioden 01.06.2027 - 15.08.2027, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.  
Dei som vert tilsett i sommarjobb, kan også få tilbod om ekstraarbeid i samband med høgtider og andre ferieperiodar.

Om oss
Helse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka, Vi  legg til rette for at medarbeidarane våre skal trivast, utvikle seg og yte sitt beste. Bli med oss!

Laboratoria i Førde har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har fleire sosiale aktivitetar gjennom året og ønskjer alltid nye kollegaer velkomne.

Dette er ei felles utlysing for: 

  • Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)
  • Mikrobiologisk avdeling 
  • Avdeling for patologi   

Har du ønske om å arbeide ved eitt bestemt laboratorium, kan du opplyse om dette i søknaden. Vi vil så langt det er mogleg ta omsyn til ønsket ditt, men vi kan ikkje garantere plass ved eit bestemt laboratorium.

Praktisk informasjon
Ferievikariat gjeld for perioden 01.06.2027 - 15.08.2027, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.  

Vi håpar du vil søkje og bli ein del av arbeidsmiljøet vårt!


Arbeidsoppgåver

  • Utføre analytiske- og preanalytiske oppgåver etter godkjente prosedyrer og gjeldande lover og regelverk 
  • Registrering av nye prøvar

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør/1.- 3. års bioingeniørstudent 
  • Andre med relevant utdanning eller praksis kan bli vurdert
  • Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg  

Oppgje referanse ved utdanning og tidlegare arbeidsgjevar, samt legg ved karakterutskrift over avslutta fag. 

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg og arbeidsam 
  • Kunne arbeide i team 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta 
  • Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer 

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå 
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Ein inkluderande arbeidsplass 
  • Bistand til å skaffe bustad 

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cecilie Bruflot, Seksjonsleiar patologi, 412 35 613
Nina Hole Rasmussen, Seksjonsleiar LMBB, 993 64 796
Marianne Schiefloe Myklebust, Konst. avdleingssjef mikrobiologisk avdeling, 986 64 325

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5202466785
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2027
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 17.01.2027

Kontaktpersoner for stillingen

Marianne Schiefloe Myklebust

Konst. avdleingssjef mikrobiologisk avdeling

986 64 325

Nina Hole Rasmussen

Seksjonsleiar LMBB

993 64 796

Cecilie Bruflot

Seksjonsleiar patologi

412 35 613

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d2986167-07c2-49e1-8aa7-111ee73d8cb6

Sist endret

30. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4a2443441e424e13b4083bd130e2005c

Lignende annonser

Laster lignende annonser